Hopp til innhold

Ingen nåde for jentene i Pussy Riot

Trass i sterkt internasjonalt press, blant anna frå Amnesty International, viste ein domstol i Moskva i dag ingen nåde for tre jenter i punkbandet Pussy Riot.

Pussy Riot-jentene vart godt påpassa i retten.

Nadezhda Tolokonnikova, ei av dei tre fengsla jentene, bak lås og slå inne i rettssalen.

Foto: ALEXANDER NEMENOV / Afp

Strengt tryggingsregimet for Pussy Riot.

Det var eit tungt tryggingsoppbod rundt Maria Alyokhina og dei andre jentene i Pussy Riot då dei kom til rettslokalet i dag.

Foto: Ivan Sekretarev / Ap

Dei tre Pussy Riot-medlemene vart pågripne av politiet 21. februar i år, då dei inntok alteret i ei av dei største ortodokse kyrkjene i Moskva. Bandet, som vanleg kledde i korte skjørt og med fargerike masker, framførde ein protestsong mot Vladimir Putin frå alteret, «Heilage Mor, kast Putin ut!».

– Det var ikkje oss

Dei tre jentene vedgår at dei er medlemer i Pussy Riot, men nektar for at dei var med på stuntet i kyrkja. Men politiet seier dei er sikre på at det var dei tre fengsla jentene som inntok kyrkja og framførte ei nidvise om Putin.

Det kom til samanstøytar mellom tilhengjarar av punkbandet og politiet utanfor rettslokalet i dag, og minst 15 vart pågripne etter å ha kasta røykbomber og ropt slagord mot politiet.

Domstolen nekta å bøye seg frå presset frå opposisjonelle i Russland, Amnesty International og andre grupper, og jentene blir sitjande i varetekt.

Pussy Riot-jentene slepp ikkje ut av fengselet med det første, og det er varsla eit nytt rettsmøte 24. juni.

LES OGSÅ: Ber Putin frigi maskerte «Pussy Riot»-aktivister

LES OGSÅ: Sulter i fengsel for sine ytringer

Risikerer sju års fengsel

Samanstøytar mellom politi og tilhengjarar av Pussy Riot utanfor rettslokalet

Det var harde samanstøytar mellom politi og tilhengjarar av Pussy Riot utanfor rettslokalet i Moskva.

Foto: Ivan Sekretarev / Ap

Kvar av jentene risikerer fengsel i inntil sju år for å ha forstyrra den offentlege ro og orden.

– Dette er ei politisk sak. Det verkar klart at Russland no vil slå ned på alle typar aktivistar, sa ei av jentene i bandet, Jekaterina Samutsjevitsj til journalistar i rettslokalet i dag,

Kollegaen Maria Alyokhina sa på si side at sakene mot dei er politisk motiverte, og ho klaga på at ho ikkje har fått lov å kontakte familien i dei nesten to månadene ho har vore i fengsel.

Les Soltsjenitsjin i fengselet

Den tredje jenta i bandet, Nadezhda Tolokonnikova, sa at ho brukte tida i fengselet til å lese ein roman av Aleksander Soltsjenitsjin med handling frå ein av dei mange sovjetiske fangeleiaren i Sibir, der opposisjonelle ofte hamna.

Den ortodokse kyrkja i Russland, som i sovjettida levde under svært vanskelege kår, blir i dag skulda for å vere altfor nær knytt opp til den nygamle presidenten Vladimir Putin og hans maktapparat.

banner

Frå ein tidlegare støttedemonstrasjon for Pussy Riot.

Foto: AP

SISTE NYTT

Siste nytt