Anti-islamistisk diskusjon vart kapra av Twitter-brukarar

English Defence League-leiar Stephen Lennon, AKA Tommy Robinson.
Foto: LEON NEAL/AfpEnglish Defence League-leiaren Tommy Robinson var skeptisk til at nettstaden Twitter har bilete av ein moské på sida si. Twitter-brukarane kapra temamerket «creepingsharia» og gjer narr av den.
Publisert 16.04.2012 21:39.
- Skriv ut
English Defence League-leiaren uttrykte misnøye med at Twitter har bilete av ein moské øvst på nettsidene deira.

Merkelappen «creepingsharia», som Robinson brukte, vart kapra av twitterbrukararne, skriv The Huffington Post.
Biletet av «moskeen» er i realiteten eit bilete av det kjende byggverket Taj Mahal, men EDL-leiaren meiner det er nok eit eksempel på islamisering.
Harslering
No harselerer mange twitterbrukarar med utsegna, og finn eigne teikn på islamisering.

Alt frå klaging på algebra i skulen til «det er ikkje meir skinke i kjøleskapet» blir etterfølgt av «creepingsharia».

- LES OGSÅ: Hetses etter Fjordman-parodi

Bjørnar Moxnes synest det er bra at «twitteratet» harselerer med anti-islamistiske haldningar.
NTB Scanpix– Komisk
Nestleiar i partiet Rødt, Bjørnar Moxnes, humra over den feilslåtte taktikken til Robinson på Twitter.
«Fantastisk! English Defence League-rasist starta #creepingsharia tag – og twitter kapra den!», skreiv han.
Moxnes meirer EDL-leiaren prøver å mobilisere støtte for saka si.
– Det er komisk at ein fyr som skal vise kor forferdeleg islam er vel eit bilete av Taj Mahal for å illustrere det. Alvoret i det er jo at det viser ein førestelling som han og mange med han har om at det går føre seg islamisering i Europa, seier han.
Moxnes meiner dette er eit eksempel på at Twitter også kan vere ein nyttig politisk kanal.
– Harseleringa tek luven av forsøket på å piske opp ein antimuslimsk stemning, seier han.
- LES OGSÅ: Antiislamister samles i Århus

Cameron innkaller til krisemøte


