Hopp til innhold

Håpar pavebesøk kan gi kyrkja meir makt på Cuba

Måndag kveld norsk tid kjem pave Bendikt XVI til Cuba. Han håpar det tre dagar lange besøket på kommunistøya kan gi den katolske kyrkja meir makt.

Paven på Cuba

Ein mann foran bilete av Fidel Castro og paca Benedict XVI.

Foto: STRINGER / Reuters

Dette er det andre pavebesøket til Cuba etter den kommunistiske revolusjonen leidd av El Commandante, Fidel Castro, i 1959. Forgjengaren Johannes Paul II vitja Cuba for 14 år sidan.

Fungerende president Raoul Castro

Fungerande president Raoul Castro skal møte paven på flyplassen i Santiago de Cuba måndag kveld.

Foto: ADALBERTO ROQUE / AFP

Paven sjølv var ikkje redd for å kritisere det kubanske regimet eit par dagar før avreise til Cuba frå Mexico, der han har vore på besøk dei siste dagane. Han gjorde det klart at det er naudsynt med ein ny økonomisk modell på Cuba, fordi kommunismen har feila.

– Passar ikkje med realitetane

– Marxismen, slik han opphavleg var tenkt, passar ikkje lenger med realitetane i verda. Det er viktig å finne nye styringsmodellar, sa paven i ein tale fredag. Han sa også at dei kubanske katolikkane var viljuge til å gå inn i ein konstruktiv dialog med styresmaktene.

Han la til at kyrkja alltid er på trusfridomen og tankefridomen si side.

– Cuba bør opne opp for verda, og verda bør opne opp for Cuba, sa han blant anna.

Katolikkar ventar spent på paven sitt besøk på Cuba.

Katolikkar ventar spent på paven sitt besøk. Her framfor den pynta katedralen i Havana.

Foto: Franklin Reyes / Ap

Fidel Castro, som har styrt Cuba med jernhand sidan revolusjonen i 1959, sjølv har skrantande helse, og har overlate den utøvande makta på den karibiske øya til legebroren Raul.

Søkte støtte hos kyrkja

Etter at Raul Castro tok over har den katolske kyrkja kome stadig meir inn i varmen i Cuba, og kyrkja har blitt brukt blant anna som eit bindeledd eller meklar mellom opposisjonelle grupper og kommunistpartiet. Han har også søkt støtte i kyrkja for dei forsiktige økonomiske reformene han har sett i verk

Men Cuba har framleis ei ateistisk grunnlov, og forholdet mellom kyrkje og stat er langt frå problemfritt.

Likevel kjem ein ikkje frå at den katolske kyrkja den største og mektigaste sosiale institusjonen på Cuba utanfor kommunistpartiet.

Katedralen i Havana er pynta før pavebesøket.

Den italienske kunstnaren Caspare di Caro har lyssett katedralen i Havana i samband med pavebesøket.

Foto: ENRIQUE DE LA OSA / Reuters
Revolusjonsplakat og gammal amerikansk bil i Havana.

Revolusjonsplakatar og gamle amerikanske bilar pregar framleis gatene i Havana.

Foto: STRINGER / Reuters

Minst 70 opposisjonelle er pågripne dei siste dagane fordi dei planla demonstrasjonar under paven sitt besøk, melder nyheitsbyrået AFP. Minst 15 av dei pågripne høyrer til gruppa «Kvinner i kvitt», som består av kvinner med nære familiemedlemer som er politiske fangar.

Møter ikkje opposisjonen

Pave Benedikt XVI har ingen planar om å møte representantar for opposisjonen på Cuba under besøket. Ein talsmann for Vatikanet seier at det faktum at han ikkje har planar om å møte opposisjonen, ikkje betyr at han ikkje bryr seg om dei.

Paven blir møtt av Raul Castro når han kjem til flyplassen på den nest største byen på Cuba, Santiago de Cuba, måndag kveld. Det er planlagt offisielle samtalar mellom dei to i hovudstaden Havana tysdag.

Ventar på paven med krusifiks.

Paven har dei siste dagane vore i Mexico, og han reiser derfrå til Cuba måndag kveld. Biletet viser truande som ventar på at paven skal velsigne dei i Leon i Mexico.

Foto: ALBERTO PIZZOLI / Afp

Det knyt seg ei viss spenning til om paven skal møte Fidel Castro, og kanskje også den venezuelanske presidenten Hugo Chávez, som er i Havana for å få behandling mot kreft.

Ifølgje nyheitsbyrået Reuters har Chavez vorte meir religiøs etter at han gjekk gjennom ein kreftoperasjon på Cuba sist sommar. Ikkje stadfesta meldingar frå Venezuela går på at det truleg blir eit møte mellom Chavez og paven i Havana.

– Ikkje det verkelege Cuba

Det er venta at pave Benedikt XVI under samtalane med kubanske leiarar vil prøve å få dei til å godta at den katolske kyrkja skal få spele ei viktigare rolle ved at dei får utvide dei sosiale hjelpeprogramma og utdanningstilboda dei driv i dag.

Ana Celia Rodriguez (42), trebornsmor frå Havana, har planar om å delta på ei av messene paven skal halde, men ho trur ikkje at besøket hans vil endre noko på forholda i landet.

– Eg ventar ikkje endringar etter besøket. Han vil få sjå eit Cuba som eigentleg ikkje eksisterer. Mi oppmoding til paven er at han prøver å finne ut korleis ting verkeleg her, seier ho til nyheitsbyrået Reuters.

SISTE NYTT

Siste nytt