Hopp til innhold

Bror til massedrapsmann fengsla i Toulouse

Abdelkader Merah, broren til massedrapsmannen i Toulouse, vart i dag varetektsfengsla, sikta for medverknad til drapa og terrorplanlegging.

Abdelkader Merah

Abdelkader Merah blir framstilt for ein dommar i løpet av søndag.

Foto: Christophe Ena / Ap

Mohamed Merah

Massedrapsmannen Mohamed Merah vart sjølv skoten og drepen av fransk politi sist torsdag.

Foto: HANDOUT / Reuters

Politiet i den sørfranske byen opplyser at siktinga går på både på deltaking i drap og planlegging av terrorangrep, melder AFP.

- Etterforskinga har vist at det er klare bevis for at Abdelkader Merah har vore ein medhjelpar til terrorisme, heiter det i ei fråsegn frå aktoratet. Politiet og aktoratet har framstilt Abdelkader Merah som ein meir radikal islamist enn broren Mohamed.

Mohamed Mehra (23) tok skaut og drap i løpet av åtte dagar sju menneske, blant dei tre jødiske born i alderen tre til sju år

Stolt av broren

Den 29 år gamle storebroren hans nektar for å ha hjelpt til med planlegginga av drapa, men han har vedgått å ha vore med broren då han stal den kraftige motorsykkelen han brukte då han utførde drapa.

I går sa Abdelkader Merah at han var stolt av det broren hadde gjort. . Kjærasten hans vart også framstilt for ein domstol i dag, men ho vart seinare på dagen sett fri utan at det vart reist tiltale.

Både broren, kjærasten hans og mor deira vart pågripne tysdag medan drapsmannen var omringa i husværet sitt i Toulouse.

Eksplosiv i bilen

Politiet har funn eksplosiv i ein bil som er eigd av Abdelhader. Han er kjend for tryggingstenesta for å ha hjelpt til med å smugle militante islamistar inn i Irak i 2007.

Massedrapsmannen Mohamed Mera vart skoten og drepen av fransk politi då dei prøvde å arrestere han sist torsdag.

LES OGSÅ: Var på USAs terrorliste

LES OGSÅ: – Mohamed Merah var litt sprø og merkelig

LES OGSÅ: – Han var død innen han traff bakken

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt