Spektakulær helikopter-flukt frå russisk fengsel
VIDEO: Video frå russisk fjernsyn.
Ein drapsdømd fange greidde å flykte frå eit russisk fengsel i dag ved å klatre opp taustigen som var kasta ut frå eit kapra helikopter.
Publisert 22.03.2012 16:12. Oppdatert 22.03.2012 16:13.
- Skriv ut
Det var som henta ut av ein Hollywood-film. Eit MI-2-helikopter kom lågt innover fengsel nummer N17 i byen Sjeksna i Vologda-regionen nord for Moskva. Medan helikopteret hang over luftegarden vart det kasta ut ein taustige.
Ventande bil

Det var eit helikopter av denne typen, MI-2, som vart brukte under flukta.
EBUDrapsdømde Alexei Sjestakov (36) la på sprang mot stigen. Vaktene prøvde å hindre han, men han slo seg laus og greidde å klatre opp i helikopteret, som straks sette kursen bort frå fengselsområdet mot byen Vologda.
Då helikopteret landa i utkanten av Vologda, stakk den rømde fangen og dei to hjelparane hans bort til ein ventande bil. Bilen forsvann i stor fart, har helikopterpiloten forklart til politiet.
Det russiske nyheitsbyrået Itar-Tass melder at det sivile helikopteret vart kapra av to personar, ein mann og ei kvinne, kor tid før den spektakulære fluktoperasjonen. Helikopteret er eigd av eit privat firma i området.
– Trua piloten med våpen

Dette er mannen som i dag greidde å flykte frå fengselet i eit helikopter, Alexei Sjestakov.
EBUMannen og kvinna skal ha trua helikopterpiloten med våpen.
Sjefen for kriminalpolitiet i Vologda-regionen, Natalja Letenkova, seier til Itar-Tass at dei konsentrerer etterforskinga om tre stader. Det er staden der helikopteret vart kapra, så fengselet og til slutt staden der helikopteret land, der dei tre personane stakk av.
Politiet har sett i verk ei storstilt jakt på den drapsdømde fangen og dei to hjelparane hans. Alexei Sjestakov hadde sona rundt halvparten av fengselsstraffa si då han flykta.
Kart
Vologda i Russland
Kilde: Google MapsRussland
- Russland vil vurdere Snowden-asyl
- Derfor støtter Russland Assad
- Frykter ny atomkatastrofe
- «Svart enkje» sprengde seg sjølv
- Spionanklaget har forlatt Moskva
- – CIA-agent arrestert i Moskva
- Alvorlig lekkasje ved romstasjon
- Nye protester mot Putin i Moskva
- 38 omkom i sykehus-brann
- Putin vil terror-samarbeide med USA
- Navalnij tvitrer fra rettssalen
Nyheter fra verden
- Offentliggjør terroravsløringer
- Nytt virus tar liv i Saudi-Arabia
- Identifiserer Guantanamo-fanger
- Derfor valgte Snowden Hong Kong
- Demonstrerer mot Syria-støtte
- Dødelig monsun-regn herjer i India
- Ordfører i Canade pågrepet
- Forsøker å unngå regjeringskrise
- Iran åpner for atom-samarbeid
- Syria dominerer G8-møtet




