Hopp til innhold

Det syriske opprøret har nådd finanshovudstaden Aleppo

Det har vore ein ny dag prega av bomber og kamphandlingar i Syria i dag. I den økonomiske hovudstaden Aleppo er minst 28 menneske drepne i to bombeangrep.

Bombene i Aleppo var svært kraftige.

Den økonomiske hovudstaden i Syria, Aleppo, vart ramma av to kraftige bilbomber fredag.

Foto: SANA / Reuters

Det er uklart kven som står bak det doble bilbombeangrepet i byen, der det i tillegg til dei 28 drepne er meldt om 235 såra. Det er både soldatar, politifolk og sivile blant dei drepne og såra.

Bombene gjorde stor skade også gså på nabobygningar.

Aleppo, der det har vore stort sett roleg under opprøret, vart i dag ramma av to kraftige bomber.

Foto: - / Afp

Syriske styresmakter seier at opprørarane står bak angrepet, medan ei opprørsgruppe seier at Assad-regimet sjølv er ansvarleg for angrepet, i eit forsøk på å setje opposisjonen i eit dårleg ljos.

– Sjølvmordsaksjon

Det statlege fjernsynet melder at det var ein sjølvmordsbombar som utløyste i alle fall den første bomba. Den første bomba ramma ein politistasjon, medan den andre var retta mot ein etterretningsbase.

Eit senter for distribusjon av mat vart fullstendig knust i eitt av angrepa, og det vart gjort stor skade på bygingar i nærleiken.

Angrepet er det første i Aleppo etter at opprøret mot Bashar al-Assad og regimet hans starta for snart eitt år sidan. Aleppo er den nest største byen i Syria.

Bombeangrep i Aleppo i Syria.

Ingen har teke på seg skulda for bombeangrepa i Aleppo fredag.

Foto: SANA / Reuters

Ein talsmann for Free Syrian Army (FSA), ein opprørshær av soldatar som har desertert frå den syriske hæren, skuldar regimet for å ha sett angrepa i scene.

LES OGSÅ: Syriske stridsvogner stormer Homs

– Kriminelt regime

– Dette kriminelle regimet har gjennomført bombeangrep i Aleppo for å få merksemda bort frå drapa på sivile i Homs, Zabadini og andre stader, seier ein talsmann for FSA.

Samstundes heldt angrepa mot opprørsbastionen Homs fram i dag. Den syriske hæren brukte stridsvogner og artilleri i angrepet. Som vanleg er det vanskeleg å få oversikt over talet på drepne og såra i uroa, men ei opprørsgruppe seier at minst 20 er drepne i Homs i dag.

Fredagar har normalt vore dagen for dei største massedemonstrasjonane i Syria, men i dag har langt færre enn normalt vore ute i gatene. Årsaka er truleg at det har vore eit stort oppbod av soldatar ved alle dei største moskeane i landet. Fleire stader blir det meldt at det var fleire soldatar enn sivile i moskeane.

Politi og demonstrantar i Deriko Hamko i Syria.

Det var samanstøytar mellom politi og demonstrantar i Deriko Hamko ikkje langt frå grensa til Tyrkia.

Foto: ENN / Afp

I tillegg var det uvanleg kaldt ver i Syria i dag, og det kan også ha fått folk til å halde seg heime. Likefullt har det vore demonstrasjonar og uro fleire stader i landet.

LES OGSÅ: Kina i samtaler med Syrias opposisjon

LES OGSÅ: USA vurderer å forsyne opposisjonen med våpen

Ny spesialutsending

Samstundes seier ein anonym vestleg diplomat til nyheitsbyrået AFP at den Arabiske liga i løpet av helga vil lansere ein «Syrias vener»-koalisjon og utnemne ein ny spesialutsending til landet.

Diplomaten seier også at det er iranarar på bakken i Syria som gir teknisk hjelp til den syriske etterretninga, og han åtvarar om at Assad-regimet framleis er i stand til å bruke nye grader av vald mot opprørarane.

Den anonyme diplomaten seier også at det ikkje er aktuelt for vestlege land å gå inn i Syria militært, eller å gi våpenhjelp til opprørarane.

Islamistar i Tripoli demonstrerer mot det syriske regimet.

Islamistar i Tripoli demonstrerer mot det syriske regimet. Det kom også til væpna samanstøytar mellom tilhengjarar og motstandarar av Assad-regimet i byen.

Foto: MOHAMED AZAKIR / Reuters

– Vi må prøve å unngå at det blir ei ytterlegare militæropptrapping i Syria, men heller prøve å få framgang på den politiske arenaen, seier han.

LES OGSÅ: Befolkningen i Homs under «hermetisk lokk»

LES OGSÅ: Frykter Bashar Assad går i pappa Hafez' blodspor

Samanstøytar i Libanon

I dag har også konflikten i Syria ført til samanstøytar i nabolandet Libanon. I byen Tripoli kom det til eit væpna oppgjer mellom tilhengjarar og motstandarar av det syriske regimet.

Byen har ein sunnimuslimsk majoritet, men det har fleire gonger dei siste åra vore samanstøyt mellom sunniar som støttar den antisyriske opposisjonen, og alawittar som støttar den syriske regjeringa og Hizbollah-militsen i Libanon.

Syrias president Bashar al-Assad kjem sjølv frå det alawittiske samfunnet, ei sekt innan sjia-islam.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt