Hopp til innhold

Lavrov oppnådde lite i Syria

Det kom lite nytt ut av samtalane mellom Sergej Lavrov og Bashar al-Assad i Damaskus i dag. Assad tok opp att tidlegare lovnader som opposisjonen alt har avvist.

Sergej Lavrov og Bashar al-Assad i Damaskus.

Russlands utanriksminister Sergej Lavrov (t.v.) møtte Syrias president Bashar al-Assad i Damaskus tysdag.

Foto: Ap

Jubel i Damaskus då Lavrov kom til byen.

Sergej Lavrov og følgjet hans vart møtte med jubel i Damaskus.

Foto: SANA / Reuters

– Bashar al-Assad aksepterer eit utvida observatørkorps frå Den arabiske liga, og han vil også halde ei folkerøysting om ei ny syrisk grunnlov, seier Russlands utanriksminister Sergej Lavrov.

Sergej Lavrorv og følgjet hans fekk ei heltemottaking då dei kom til hovudstaden Damaskus i Syria i dag. Demonstrantar som støttar den sitjande regimet til Bashar al-Assad, takka Lavrov for å ha stansa ein resolusjon i Tryggingsrådet, som gav styresmaktene all skuld for valdshandlingane i landet.

– Slutt på valdsbruken

Etter eit møte med Bashar al-Assad i dag sa Lavrov at han fekk lovnad frå presidenten om at han ville arbeide for å få slutt på valdsbruken, og at han er villig til å gå i dialog med alle politiske grupper i landet.

Russlands utanriksminister Sergej Lavrov.

– Møtet med Bashar al-Assad var svært nyttig, sa Sergej Lavrov etter samtalane med den syriske presidenten.

Foto: SANA / Reuters

– Presidenten i Syria forsikra meg om at han ville arbeide for ein fullstendig stans i valdshandlingane i landet, same kvar valden kjem frå, sa Lavrov til Interfax etter møtet. Han kallar møtet med dei syriske leiarane for «svært nyttig».

Assad har også tidlegare kome med slike løfter, men den syriske opposisjonen har avvist løfta som meiningslause. Dette fordi dei meiner at Assad-regimet prøver å slå ned politisk motstand ved hjelp av soldatar og stridsvogner.

LES OGSÅ: Minst 400 barn er drept i Syria

LES OGSÅ: Assads kone forsvarer undertrykkingen i Syria

Tyrkisk initiativ

Også Tyrkia varsla i dag eit nytt initiativ for å få slutt på valdsbruken i Syria. Statsminister Recep Tayyip Erdogan sa i det tyrkiske parlamentet i dag at landet arbeider med eit initiativ, og dei vil bruke alle diplomatiske middel for å få verda merksam på situasjonen i Syhria.

Tyrkias statsminister Recep Tayyip Erdogan

Tyrkias statsminister Recep Tayyip Erdogan lovar eit tyrkisk initiativ i Syria.

Foto: ADEM ALTAN / Afp

Erdogan gjekk også hardt ut mot Russland og Kina for å ha lagt ned veto mot resolusjonen i Tgryggingsrådet. Han sa blant anna at vetoet har gitt Bashar al-Assad ein «rett til å drepe» eigne innbyggjarar. Erdogan er ein tidlegare nær alliert av Assad-regimet, men støttar no ope opposisjonen.

Samstundes held bombardementet av opprørsbastionen Homs fram. Det britiske kringkastingsselskapet BBC har ein reporter i byen, Paul Wood, og han kan fortelje at delar av byen er skote fullstendig i knus. Innbyggjarane kjenner seg svikne av omverda, og dei fryktar at regjeringa snart vil setje inn bakkestyrkar, rapporterer han.

LES OGSÅ: – Vi kan ikke bli i huset og vi kan ikke gå ut på gata

LES OGSÅ: – Å satse på Assad er en oppskrift på fiasko

Angrepa mot Homs held fram

Bombeangrep i Homs 6. februar

Det har vore kraftig bombardement av Homs sidan sist fredag.

Foto: YouTube / AFP PHOTO

Angrepa mot Homs har halde på sida sist fredag og fleire hundre menneske er drepne, mange av dei er sivile. Opposisjonsgruppa Syrian Observatory for Human Rights melder at 21 sivile er drepne i Syria i dag, dei fleste i Homs.

Analytikarar som kjenner Syria godt trur det kan bli vanskeleg å finne opposisjonelle som vil forhandle med regimet, i alle fall så lenge det går føre seg kampar. Også den norske ambassadøren i Syria, Rolf Willy Hansen, trur at også Russland no føler at Assad-regimet er ei byrde.

Opposisjonen skuldar hæren og politiet for å gå laus på uskuldige sivile, medan regimet seier at dei berre slår tilbake mot væpna grupper.

I dag har fleire land trekt sine ambassadørar frå Syria, blant dei seks statar i Persiabukta og Nederland.

LES OGSÅ: Syriske styrker angriper by nær Damaskus

LES OGSÅ: – Hysterisk vestlig reaksjon

LES OGSÅ: – Syria har fått tillatelse til å drepe

SISTE NYTT

Siste nytt