– Det er forferdeleg her. Rakettar fell. Det er kraftige eksplosjonar som skakar bygningar. Me veit ikkje heilt kva me skal gjera, seier ein innbyggjar i Homs til nyheitsbyrået AFP.
Ifølgje Catherine al-Talli i organisasjonen Syrian National Council har aktivistar i byen meldt om minst 50 drepne, dei fleste sivile syrarar.
– Regimet handlar som om det er immunt mot internasjonale inngrep og har frie hender til å bruka vald mot folket, seier Talli.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Arabiske nyheitskanalar sender direkte frå Homs. Det er høyrt eksplosjonar i byen, og røyk stig opp frå fleire bygningar.
Bomba oljerøyrleidning
Ein oljerøyrleidning som forsyner eit stort raffineri i Homs, blei øydelagt i ein eksplosjon i bydelen Bab Amro.
Bombinga i dag kjem etter at fleire enn 200 menneske ifølgje aktivistkjelder blei drepne i ein offensiv mot bydelen Khalidiya i Homs fredag.
Desertørar drap tre offiserar
Det er uroleg andre stader i Syria også. Tre offiserar blei drepne og 19 soldatar tekne til fange då desertørar gjekk til åtak på ein militær kontrollpost i det nordaustlege Syria i natt, melder ei syrisk menneskerettsgruppe.
Åtaket skjedde i landsbyen Al-Bara i Idlib-regionen. Ingen av dei som gjekk til åtak skal ha blitt såra, ifølgje Syrian Observatory for Human Rights.
Militærposten blei fullstendig øydelagt, ifølgje organisasjonen.