Forskar vil setja ut elefantar i Australia for å hindra brannar

Elefantar kan hindra store brannar i Australia ved å eta gras, meiner forskar.
Foto: Karel Prinsloo/ApElefantar og nashorn kan bli sette ut i Nord-Australia for å hindra skog- og grasbrannar, føreslår ein australsk forskar.
Publisert 02.02.2012 13:31.
- Skriv ut
I ein artikkel i magasinet Nature forklarer Dr David Bowman, som er økolog ved Universitetet i Tasmania, korleis dei store og grasetande dyra kan hjelpa til.
Skog- og grasbrannar er eit stort problem i Australia, og mykje av graset som lett brenn er opprinneleg afrikansk.
Bowman meiner både elefantar og nashorn er eigna til å avgrensa mengdene av dette graset, og dermed hindra ukontrollerte og øydeleggjande brannar.
– Situasjonen er ute av kontroll. I fjor opplevde me ein brann sentralt i Australia som strekte seg over eit område like stort som Tasmania, seier Bowman til den britiske avisa The Telegraph.

Skog- og grasbrannar er eit stort problem i Australia. Her frå Mount Beauty i fjor sommar.
Foto: CHRIS HOCKING/APDet er denne veka tre år sidan Australia opplevde den største skogbrannkatastrofen i moderne tid. 7. februar 2009 blir også kalla Black Saturday. Minst 173 menneske omkom då dei prøvde å sløkkja brannane, forsvara heimane sine eller søkja tilflukt.
Les også: Nasjonen sørget over branndøden
– Treng sabeltanntigrar også
Alle er likevel ikkje nøgde med forslaget om å innføra elefantar for å løysa problemet. Kritikarane meiner desse dyra kan koma til å bli like vanskelege å kontrollera som graset er i dag.
– Viss me skal setja ut elefantar, må me også utvikla ein teknologi for å klona sabeltanntigrar, som igjen kan kontrollera elefantane, seier Dr Ricky Spencer ved University of Western Sydney.
To milliardar padder etter eksperiment

Det er no to milliardar agapadder i Australia etter eit mislukka eksperiment på 1930-talet.
NRKAustralia har fleire gonger prøvd å innføra nye artar for å takla ulike problem, men eksperimenta har hatt blanda resultat.
På 1930-talet blei agapadder importerte frå Hawai for å hindra at biller skulle øydelggja sukkerplantasjane i Nord-Queensland. Sidan har paddene spreidd seg over heile landet, og det finst no to milliardar av dei.
– Er me klare for å prøva endå eit eksperiment, og håpa at elefantane ikkje liker dei australske trea for godt? Kan me i tilfelle be dei om å berre eta gras? spør professor Patricia Werner ved The Australian National University.
– Må tenkja nytt
Dr Bowman vedgår at forslaget hans med vilje er skapt for å få i gang ein debatt om vanskane med å kontrollera det opprinneleg afrikanske graset nord i Australia. Han meiner graset fungerer som drivstoff for dei intense skogbrannane.
– Me må tenkja utanfor boksen. Å innføra elefantar er kanskje ein dum ide, men er det ein god ide å ha verdskjende grasbrannar ute av kontroll? spør han.
Tidligere branner i Australia
- I 2009 mistet 173 mennesker livet i en voldsom skogbrann nord for Melbourne.
- 10. januar 2005: Ni personer døde og 110 ble skadd under en skogbrann i Eyre Peninsula i sørlige Australia.
- 18. januar 2003: Fire omkom, mer enn 100 ble skadd og 500 hjem ble ødelagt i Camberra.
- 24. desember 2001- 7. januar 2002: 109 hjem ble ødelagt av skogbrannen i New South Wales.
- 2. desember 1998: Fem brannmenn mista livet i Linton, Victoria.
- Januar 1994: Fire omkom og 200 hjem ble ødelagt under en skogbrann i Sydney.
- 16. februar 1983: 75 omkom, 2 300 hjem ble ødelagt i Victoria.
- 14. januar - 14. februar 1944: 32 mennesker mista livet og 700 hjem ble ødelagt i Victoria.
- 22 desember 1944: 10 omkom i en gassbrann i Wangaratta, Victoria.
- 13. januar 1939: 71 mennesker døde, mens 700 hjem ble ødelagt brannen kalt "Black Friday" i Victoria.
- Februar - mars 1922: 60 personer mista livet i østlige deler av Victoria.
Kilde: AFP
Australia
- Avliver 10.000 hester i Australia
- Mann falt 20 meter fra bro
- Julian Assange vil bli politikar
- Mossad-agent ga videre informasjon
- 20.000 isolert etter uvær
- Ny dødsflom herjer i Australia
- Gigantisk oljefunn i Australia
- Geita Gary frikjent i retten
- Oppdaga pyton-passasjer i lufta
- Skogbrann nærmer seg bomber
- Australia: – Trusselen er ikke over
Nyheter fra verden
Fem skadd i rakettangrep mot Beirut - Frykter barnesoldat-rekruttering
- Flere arrestasjoner i London-drapet
- Første homoparade i Ukraina
- 23 personer drept av maoister
- Fransk soldat knivstukken
- Fikk Gerhardsen til å endre syn
- Hellas frir til Norge med fersken
- Mood forsvarer Syria-farere
- En teddybjørns symbolkraft




