Hopp til innhold

Over 60 har mista livet i kuldebølgje i Europa

Over 60 personar er så langt stadfesta omkomne i kuldebølgja som herjar over Europa. I Istanbul var det i går 15 gradar kaldare enn på Svalbard.

Video Vinter i Europa

KLIKK FOR VIDEO: Store deler av europa er råka av ekstremkulde. Samtidig er det kaotiske tilstandar mellom anna på Korsika, Marokko og i New York grunne store snøfall.

Ukraina er det landet som har blitt råka hardast av kuldebølgja. Tysdag vart det målt 33 minusgradar i landet, som er det kaldaste på mange år. I Bosnia viste gradestokken fleire stedar 31 minusgradar, medan både Polen, Romania og Bulgaria hadde minus 30 gradar celsius.

Ukrainske styresmakter melder at over 30 personar, dei aller fleste heimlause, har mista livet i landet som følgje av kulda dei siste fem dagane.

Hundrevis er lagt inn på sjukehuset med frostskadar og hypotermi. Mange av kuldeofra hadde drukke alkohol på førehand, og var uoppmerksame på faren ved å vere ute i kulda.

Det er sjeldan at temperaturen kryp under 15 minusgradar i landet i januar, og styresmaktene har sett opp fleire mellombelse sentre for å ta imot heimlause og gi dei tak over hovudet medan kuldebølgja held på.

– Tek for dårleg vare på heimlause

UKRAINE-WEATHER-SOCIAL

Ein heimlaus får varm te av ein ukrainsk sosialarbeidar. Styresmaktene er likevel kritisert for å gjere alt for lite for dei svakarestitle.

Foto: YURIY DYACHYSHYN / Afp

For to år sidan døydde 47 menneske i ei liknande kuldebølgje i Ukraina, og mange kritiserer no styresmaktene i landet for å ikkje bry seg nok om dei heimlause.

Pavlo Rozenko er ekspert på sosiale ordningar i Ukraina, og seier at ukrainske styresmakter er prega av ei haldning som var vanleg i Sovjetunionen, der alkoholikarar og heimlause vart sett på som menneske ein skulle straffe og ikkje hjelpe, skriv Washington Post.

– Landet veit ikkje korleis dei skal ta vare på sine heimlause, seier Rozenko.

Den iskalde temperaturen har kome heilt uventa for mange europearar, sidan vinteren så langt har vore uvanleg mild i mange storbyar.

Ifølgje meteorologane vil kulda, som skuldast ein kaldfront frå Sibir, vare i kvart fall ut veka.

(artikkelen held fram under biletet)

Istanbul lamma

TURKEY/ A man walks in the snow covered Sultanahmet square with the Ottoman-era Sultanahmet Mosque in the background, in Istanbul

Den Blå Moskeen i kvit drakt. Dagen i går var den kaldaste i Istanbul på 33 år.

Foto: MURAD SEZER / Reuters

Den tyrkiske storbyen Istanbul er heilt lamma etter eit stort snøfall tysdag. Måndag opplevde sommarparadiset sin kaldaste dag på 33 år, då temperaturen var målt så lågt som 10,4 kuldegradar. Til samanlikning så var det same dag målt 4,5 plussgradar på Svalbard, heile 15 gradar forskjell.

Mange innbyggjarar var frustrerte med dei lokale styresmaktene i byen for at dei ikkje har klart å brøyte vegane.

Rundt 200 flyreisar vart innstilte i Tyrkia, og mange ferger og bussar vart ståande.

Tysdag stengde styresmaktene Bosporosstredet gjennom Istanbul, etter at snøstormen skapte utrygge situasjonar for skipstrafikken. Sundet er ein av verdas mest trafikkerte vasspassasjer, og ei vital arterie for oljehandelen i regionen.

Juventus-kamp avlyst

Tysdag kveld førte det europeiske snøkaoset til at Serie A-kampen i Italia mellom Parma og ligaleiar Juventus blei avlyst.

Oppgjeret vart stoppa vel ein halv time før avspart tysdag. Mykje snøfall gjorde det farleg å vere både utanfor og inne på stadion.

FBL-ITA-PARMA-JUVENTUS

Slik såg det ut då Juventus skulle spele Serie A-kamp mot Parma i kveld.

Foto: GIUSEPPE CACACE / Afp

SISTE NYTT

Siste nytt