Politimann pågripen i britisk telefonavlyttingsskandale

Avisa News of the World måtte leggje ned som følgje av avlyttingsskandalen.
Foto: IAN NICHOLSON/AfpPolitiet gjekk i dag til aksjon mot kontora til Rupert Murdochs News International i London. Fire personar er pågripne, blant dei ein politimann.
Publisert 28.01.2012 13:24. Oppdatert 28.01.2012 13:50.
- Skriv ut
Aksjonen, som politiet har gitt namnet Operasjon Elveden, skjer i samband med etterforskinga av telefonavlyttingsskandalen i britiske tabloidpresse i fjor.
Denne gongen gjeld det skuldingar om at tilsette i mediehuset News International skal ha gitt pengar til politifolk mot å få hemmelege opplysningar om kjendisar og ei sakna jente. Denne jenta vart seinare funnen drepen.
Fire pågripne i dag

James Murdoch er toppsjef i News International.
Foto: Warren Allott/AfpTabloidavisa News of The World, som var ein del av News International, måtte leggje ned etter at det vart kjent at journalistane i avisa hadde nytta ulovleg avlytting av telefonar i arbeidet sitt.
Ein 29 år gammal politimann vart pågripen på arbeidsstaden sin, ein politistasjon i sentrum av London. Dei tre andre arresterte vart alle pågripne i heimane sine. Det gjeld ein 48 år gammal mann frå Nord-London, ein 48-åring frå Essex og ein 56-åring, også han frå Essex.
BBC melder at det er snakk om tre noverande og tidlegare journalistar i tabloidavisa The Sun, som også er eigd av News International.
Ransakinga av heimane til dei pågripne, pluss kontorlokala til New International i Wapping i Aust-London, er venta å halde på utover dagen, opplyser ein talsmann for London Metropolitan Police til nyheitsbyrået Reuters.
LES OGSÅ: Godtar forlik i avlyttingsskandalen
LES OGSÅ: Hacket Gordon Browns e-postkonto
LES OGSÅ: Sår tvil om bevis mot tabloid
Pnleg sak
Hittil er 12 personar pågripne i samband med avlyttingsskandalen i News International. Saka har vore pinleg både for pressa, styresmaktene og politiet.
Det er avslørt at fleire britiske toppolitikarar har hatt nært samband med redaktørar somo har vore innblanda i avlyttingsskandalen. Det har også kome fram at politiet fleire gonger har droppa å etterforske påstandar om ulovleg telefonavlytting.
Ei talskvinne for News International seier til Reuters at ho vil ikkje kommentere den pågåande politiaksjonen mot selskapet.
LES OGSÅ: 800 rammet av hackingskandalen
LES OGSÅ: Vil vitne mot News of the World
LES OGSÅ: Filmet advokater i overvåkingssak
LES OGSÅ: Tilbyr 27 mill til hackerofre
Les
Avlyttingsskandalen i britiske medier
- –The Sun betalte for opplysninger
- Ny presseregulering i Storbritannia
- Seks nye arrestert i avlyttingssak
- Fyrst Albert vant søksmål
- Trykkefrihet, løgner og videotape
- Hugh Grant i front for medieofrene
- Skandaleomsust redaktør i retten
- Kirken selger Murdoch-aksjer
- News Corp kan bli delt i to
- – Politikarar og media er for nære
- Gordon Brown i vitneboksen
Nyheter fra verden
Bilbombe råka fransk urangruve - Cameron innkaller til krisemøte
- 80-åring nådde Everest
- Økt skepsis til Kina og India
- Nye opptøyer i Stockholm
- Amerikanske droner drepte Awlaki
- – Mange reddet av tornadorom
- Borgermester i crack-skandale
- Pakistansk politi: Bestillingsdrap
- Venn av Boston-bomber tilsto drap




