Hopp til innhold

«Mystisk blondine» seier kapteinen berga over 3000 menneske

Ei mystisk kvinne som var saman kaptein Francesco Schettino på «Costa Concordia» like før forliset, viser seg å vere ei 25 år gammal kvinne frå Moldova.

Costa Concordia ligg med sterk slagside utanfor Giglio.

Det er hektisk aktivitet rundt «Costa Concordia» i dag.

Foto: GIAMPIERO SPOSITO / Reuters

Fleire italienske aviser har omtalt kvinna som «ei mystisk blondine», som var om bord i skipet saman med kapteinen, men som ikkje var registrert korkje som mannskap eller passasjer. Politiet meiner ho kan vere eit nøkkelvitne i saka, og dei skal ha gjort fleire forsøk på å kome i kontakt med henne.

Tilsett i reiarlaget

Francesco Schettino før han vart pågripen av politiet.

Francesco Schettino er i husarrest i heimen sin på Amalfikysten.

Foto: ANSA / Reuters

I eit intervju med ein moldavisk fjernsynsstasjon skal ho ha fortalt at ho er tilsett i reiarlaget som driftar «Costa Concordia», og at ho var på ferie om bord på skipet. Kaptein Francesco Schettino har fortalt i avhøyr at han tok med seg kvinna opp på brua, slik at ho skulle få sjå utsikta gjennom dei store panoramavindauga der.

Avisa La Stampa melder at ho tek Schettino i forsvar. Ho seier at han gjorde ein ekstraordinær jobb, og at han berga over 3000 menneske frå å drukne. Ho har no kome tilbake til heimlandet Moldova. Det er uklart om italiensk politi vil krevje henne utlevert.

– Det var forferdeleg. Eg tenkte heile tida på den to år gamle dottera mi. Det var mørkt. Folk ropte, og eg høyrde lyden av gjenstandar som fall ned. Men kapteinen var på brua, seier ho.

LES OGSÅ: To omkomne henta ut av skipet

LES OGSÅ: Grottedykkarar inne i skipet

Avviser fyllerykte

Ho avviser også at nokon av mannskapet ikkje var edru, slik ein del aviser har skrive. Vitne har også fortalt at dei såg kapteinen drikke fleire glas vin under middagen saman med den 25 år gamle kvinna.

La Reppublica namngir henne som 25 år gamle Dominica Cemortan. Avisa La Stampa skriv at det einaste denne saka mangla frå før, var ei mystisk «femme fatale». Og no har vi ei, heiter det.

Ei anna nettavis, Il Secolo XIX , har denne overskrifta: Den «gule» kvinna til Schettino. Nettavisa har eit bilete frå ein av restaurantane om bord på cruiseskipet, der vi ser ei blond kvinne i ein gul kjole. Her skal ha ete middag saman med Schettino, men kapteinen er ikkje synleg på biletet.

LES OGSÅ: Kystvaktkaptein blir folkehelt etter utskjelling

LES OGSÅ: Eks-sjef kallar kapteinen våghals

LES OGSÅ: - Kom deg om bord igjen, kaptein!

SISTE NYTT

Siste nytt