Hopp til innhold

11 omkom i ballongulukke

Alle dei 11 om bord omkom då ein varmluftsballong tok fyr og styrta i like ved byen Carterton på New Zealand i kveld norsk tid.

Helikopterulukke på New Zealand.

Politi og brannvesen har sperra av området der ballongen styrta.

Foto: Ross Setford / Ap

Den første meldinga om ulukka kom inn kl. 0726 lokal tid, klokka 1926 norsk tid. Eit augevitne fortel at det stakk ti meter høge flammar opp frå ballongen før han styrta i bakken.

Skrekkslått vitne

David McKinlay bur litt nord for Carterton, og han vart eit skrekkslått vitne til det som skjedde.

– Eg heldt på å vatne hagen min då eg høyrte eit brak. Eg kunne nesten ikkje tru det eg såg, den eine sida av korga til ballongen var i full fyr. Ballongen var like over tretoppane då eg fekk auge på han. Det såg ut som om dei prøvde å få ballongen til å stige høgare, men med eitt så eg flammane, seier han til avisa Dominion Post .

Han samanliknar deg han såg med flammehavet frå ei rakettoppskyting. McKinley fortel at området der ballongen styrta er like ved ein stad der det er vanleg for luftballongar å starte turen.

Fint ver og lite vind

Ei talskvinne for helsestyresmaktene i distriktet stadfestar at alle dei 11 om bord i ballongen omkom.

Politiet opplyser at dei ikkje veit noko om årsaka til styrten. Det var fint ver og minimalt med vind då ulukka skjedde.

Carterton er ein liten by litt nord for hovudstaden Wellington.

– Verste nokon gong

Michael Klingberg, som leier ballongdelen i Norges Luftsportsforbund (NLF), seier til Aftenposten at dette er ei av dei største ballongulukkene som har skjedd nokon gong. I Noreg har det aldri vore dødsulukker med luftballongar, seier han.

– Ballongen flyg ved hjelp av open varme, driven av propangass, som varmar opp lufta inne i den store ballongen. Tidlegare ulukker har skjedd på grunn av feil med propananlegget, seier han.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt