Hopp til innhold

Seks drepne i nytt kyrkjeangrep

Minst seks menneske vart drepne i eit nytt angrep mot ei kyrkje i det nordaustlege Nigeria i dag.

Nigerias president Goodluck Jonathan

President Goodluck Jonathan har erklært unntakstilstand etter valdsbruken i Nigeria den siste tida.

Foto: PIUS UTOMI EKPEI / AFP

Pastoren i kyrkja, Justin Jauro, seier at kona hans er blant dei drepne. Han fortel at angriparane skaut gjennom vindauget i kyrkja hans i Gombe, og at minst ti andre kyrkjegjengarar vart såra i angrepet.

– Eg leidde kyrkjelyden i bøn. Vi stod med lukka auge då fleire væpna menn byrja å skyte, seier han.

Fleire angrep mot kristne

Det har vore fleire angrep mot kristne i denne delen av Nigeria i det siste. Islamistgruppa Boko Haram har teke på seg skulda for fleire av angrepa. 44 menneske vart drepne i eit angrep mot ei kyrkje i hovudstaden Abuja.

Presidenten i Nigeria, Goodluck Jonathan har innført unntakstilstand i det nordlege Nigeria, og han har lova å knuse den islamistiske gruppa Boko Haram.

Boko Haram har tidlegare sagt at dei vil jage dei kristne ut av det nordlege Nigeria.

Seinast sist tysdag vart det i ein artikkel i ei lokal avis åtvara om at alle kristne no har tre dagar på seg til å forlate det nordlege Nigeria, elles vil dei blir drepne.

Analytikarar trur den islamistiske gruppa er ute etter å framprovosere hemnaksjonar frå kristne grupper i området.

Også etnisk uro

Det har vore ein kraftig auke i religiøs og etnisk vald i Nigeria. Sist søndag vart minst 50 menneske drepne i den austlege delstaten Ebonyi i kampar mellom ulike etniske grupper om rettar til jord.

Det nordlege Nigeria har eit muslimsk fleirtal, medan den sørlege delen av landet har flest kristne.

LES OGSÅ: Masseprotest mot religiøs fanatisme

LES OGSÅ: – Opp mot 100 drept i uro i Nigeria

LES OGSÅ: Minst 24 drept i kamper i Nigeria

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.