Hopp til innhold

35 drepne i tyrkisk angrep

35 menneske vart drepne i eit tyrkisk flyangrep mot mål i dei kurdiske områda nær grensa til Irak i natt. Lokale tenestemenn seier at offera var smuglarar.

Lokale innbyggjarar har samla seg rundt offer for bombinga.

Innbyggjarar i området har samla seg rundt ein del av offera for bombinga i natt.

Foto: ENN / Afp

Det tyrkiske forsvaret har stadfesta at dei gjennomførde eit angrep mot den kurdiske geriljaorganisasjonen PKK, og at det ikkje var sivile i området dei bomba. Dette blir avvist av lokale styresmakter, som seier at alle offera var sivile som opererte som smuglarar i området.

Dette mulduret miste også livet i angrepet.

Smuglarane brukte muldyr for å frakte varene sine over grensa.

Foto: ENN / Afp

Ein talsmann for PKK, Ahmet Deniz, seier at det var F-16-jagarfly som gjekk til angrep på ei gruppe på rundt 50 menneske, og at 19 av dei er sakna. Nyheitsbyrået Firat, som har gode kontaktar i PKK, seier at dei drepne alle var i alderen mellom 17 og 20 år.

– Dreiv med smugling

Fehmi Yaman, borgarmeister i byen Uludere i den tyrkiske grenseprovinsen Sirnak, seier at det tyrkiske forsvaret visste at desse menneska dreiv med smugling i området.

Ein talsmann for det tyrkisk-kurdiske Freds- og demokratipartiet BDP, Selahattin Demirtas, kallar angrepet for ein massakre. Han lovar at det tyrkiske forsvaret ikkje skal få glatte over det dei har gjort. Han varslar demonstrasjonar i Istanbul og andre tyrkiske byar mot det som har skjedd.

Ein talsmann for det tyrkiske forsvaret seier at dei hadde informasjon om at PKK-grupper hadde planar om angrep på den tyrkiske sida av grensa, og dei hadde sendt mange av sine krigarar inn mot den tyrkiske grensa.

LES OGSÅ: Tyrkiske journalister for retten

LES OGSÅ: Tyrkiske spesialstyrker drepte båtkaprer

– På veg mot grensa

Då overvakingsbilete frå førarlause fly viste at ei stor gruppe menn var på veg mot grensa, vart det gitt ordre om angrep i området Sinat-Haftanin.

– Åstaden for angrepet er ein stad utan sivile innbyggjarar, og det er her PKK og andre kurdiske væpna grupper har leirane sine, seier talsmannen.

Tyrkia har fleire gonger tidlegare gått til angrep mot PKK-stillingar på den irakiske sida av grensa. PKK opererer frå dette området når dei rettar angrep mot tyrkiske militærpostar.

LES OGSÅ: Tyrkia avslutter militæroperasjon mot kurdiske opprørere

LES OGSÅ: - Tyrkiske soldater har drept 49 kurdiske opprørere

Viktig inntektskjelde

Det er også kjent at smugling er ei viktig inntektskjelde for mange innbyggjarar i grenseområdet mellom Irak og Tyrkia.

PKK blir rekna som ein terrororganisasjon av både Tyrkia, EU og USA.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Video 35 drepne i tyrkisk angrep

VIDEO: 35 drepne i tyrkisk angrep

SISTE NYTT

Siste nytt