Det var det statlege nyheitsbyrået IRNA som melder dette, med sitat visepresident Reza Rahimi. Dette skjer samstundes som landet gjennomføre ei stor marineøving i området ved Hormuz i Persiabukta.
– Ikkje ein drope
– Om Vesten gjer alvor av å innføre sanksjonar mot iransk oljeeksport, så vil det ikkje kome ein drope olje gjennom Hormuzsundet, seier visepresidenten ifølgje IRNA.
Meir enn ein tredel av oljen som blir frakta av tankskip går gjennom Hormuzsundet.
Ei stenging av Hormuzsundet vil hindre oljeeksporten frå blant anna Saudi-Arabia, Kuwait og Dei sameinte arabiske emirata.
Internasjonal krise
Ei stenging av Hormuzsundet kan skape ei alvorleg internasjonal krise. USA har ein marinestyrke i Persiabukta, og den offisielle årsaka til at flåten er der er nettopp å verne oljeeksporten.
Skulle Iran gjennomføre ein blokade av Hormuz kan det føre til ein militær konfrontasjon mellom Iran og USA. Forholdet mellom dei to landa er frå før svært spent på grunn av det iranske atomprogrammet.
– Utviklar atomvåpen
Det internasjonale atomenergibyrået IAEA meiner det er klare teikn på at Iran er i ferd med å utvikle atomvåpen. Iranske styresmakter avviser dette, og seier at atomprogrammet berre er sivilt.
Vestlege land og Israel har lenge skulda Iran for å ville utvikle atomvåpen. Korkje USA eller Israel har utelukka eit væpna angrep på Iran for å prøve å stanse atomprogrammet.