Hopp til innhold

- Fuglane sørgjer over Kim Jong-il

Sjå godt på desse skjorene her. Ifølgje nordkoreansk fjernsyn sørgjer dei over den avdøde statssjefen Kim Jong-il på sin spesielle måte.

Video Skjorene sørgjer over Kim Jong-il

VIDEO: Skjorene sørgjer over Kim Jong-il

I denne videoen frå det nordkoreanske fjernsynet blir skjorene vist fram, med klassisk musikk i bakgrunnen, i eit tre i den vesle gruvebyen Unsan nord for Pyongyang. Her blir det fortalt at fuglane flyg fram og tilbake mellom dette treet og eit minnesmerke for Kim Jong-il i Pyongyang for å vise sin respekt for den avdøde presidenten.

– Aldri sett slikt før

Kim Jong Il

Kim Jong-il døydde av eit kraftig hjarteinfarkt 15. desember.

Foto: Alexander Zemlianichenko / Ap

Baek Keun Sik seier at han har budd i denne byen i over 50 år, men at han aldri har sett skjorene oppføre seg slik.

Og det strøymer folk til staden for å sjå på fuglane i treet. Vanlegvis er dei redde for menneske, seier Keun Sik, men no sit dei fredelege i treet og kviler seg før neste tur til minnesmerket. Og dei let seg ikkje skremme av dei mange nysgjerrige som står og ser på dei under treet.

– Eg har aldri sett noko slikt som dette før, seier Baek Keun Sik.

Det er ikkje uvanleg i Nord-Korea at det blir sagt at naturen reagerer når store leiarar går bort. Då den store landsfaderen Kim Il Sung, faren til Kim Jong-il, gjekk bort, vart det også fortalt mange historier om korleis naturen, dyr og fuglar reagerte på dødsfallet med sorg.

LES OGSÅ: Kim Jong-un får enda en tittel

LES OGSÅ: Sørkoreansk presidentenke ærer Kim Jong-il

LES OGSÅ: Nord-Koreas nye leder har onkelen ved sin side

Isen sprakk på innsjø

Kim Jong-un

Det er venta at sonen Kim Jong-un vil bli den neste leiaren i Nord-Korea.

Foto: KNS / Afp

Blant historie som er fortalde om konsekvensar av dødsfallet til Kim Jong-il i naturen, kan vi nemne at isen sprakk på ein innsjø like i nærleiken av Paektufjellet, der Kim Jong-il etter myten skal vere fødd.

Ein snøstorm starta opp like etter dødsfallet og heldt på i fleire dagar. Ein heilag fjelltopp skal ha byrja å gløde i sorg over den store leiaren, melde det nordkoreanske nyheitsbyrået KNCA.

Det blir også fortalt om ei trane som skal ha floge tre gonger forbi ein statue av Kim Jong-il. Så flaug trana bort til eit tre like ved, der ho sat i fleire timar med bøygd hovud.

LES OGSÅ: Sender flygende sokker til Nord-Korea

LES OGSÅ: Kim Jong-un blir øvste leiar for den nordkoreanske hæren

LES OGSÅ: Hysteri ved kista til Kim Jong-il

SISTE NYTT

Siste nytt