Hopp til innhold

Muslimsk brorskap nektar for bomber

Den muslimske brorskapen i Syria avviser at dei har teke på seg ansvaret for det sjølvmordsangrepet i Damaskus i går, der 44 menneske vart drepne.

Bilbombe i Damaskus

44 menneske vart drepne og over 160 såra i sjølvmordsangrepet i Damaskus i dag.

Foto: - / Afp

Det vart i dag lagt ut ei melding om at dei tok på skulda på organisasjonen sine nettsider, men no seier dei at meldinga var falsk.

Brorskapet trur det er styresmaktene som har lagt ut den falske meldinga på deira nettsider.

– Ein av våre sigerrike Sunni-brigadar greidde å angripe bygningen til den statlege tryggingstenesta med stor suksess. Angrepet vart utført av fire av dei beste mennene vi har, og mange frå Assdad-regimet er drepne og skadde, heiter det i fråsegna som vart lagt ut på den offisielle nettsida til organisasjonen.

Flest sivile drepne

Damaskus bombe

To bilar fullasta av sprengstoff gjekk i lufta utanfor hovudkvarteret til den syriske tryggingstenesta.

Foto: Sana / Reuters

Det var flest sivile blant dei drepne i angrepet.

Syriske styresmakter har lagt skulda på sjølvmordsangrepet i går på Al Qaida-nettverket. Syriske opposisjonsgrupper har på si side sagt at det var det syriske regimet som sjølv stod bak angrepet i eit forsøk på å diskreditere opposisjonen.

LES OGSÅ: - 2000 soldatar drepne i Syria

LES OGSÅ: Krev hastemøte om Syria i FN

Fullasta med dynamitt

Det ein først trudde var to sjølvmordsbombarar sprengde to bilar fullasta med dynamitt i lufta ved den syriske tryggingstenesta sitt hovudkvarter i Damaskus. 44 menneske vart drepne, medan talet på såra er oppgitt til 166.

Libanesiske styresmakter varsla for fleire dagar sidan at mistenkte Al Qaida-aktivistar hadde teke seg over grensa til Syria frå Libanon.

LES OGSÅ: Blodig tirsdag i Syria

Fleire tusen i gravferder

Fleire tusen menneske deltok i gravferdene for offera etter sjølvmordsbombingane i går. Kistene med offera stod i føremiddag oppstilte inne i den historiske Umayyad-moskeen i Damaskus, og alle kistene var draperte i syriske flagg.

Både muslimske og kristne geistlege deltok i gravferdsseremonien, som vart leidd av den leiande sunnimuslimske imamen i Syria, mufti Ahmad Hassoun.

Etter gravferdsseremoniane strøymde folk ut i gatene og demonstrerte til støtte for regimet til Bashar al-Assad.

Demonstrantane ropte på hemn etter hemn for bombene i går. Dei bar plakatar med bilete av Bashar al-Assad og syriske flagg.

Frå gravferdsseremonien i Damaskus.

Alle kistene med offera etter sjølvmordsaksjonen var oppstilte i Umayyad-moskeen.

Foto: SANA / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt