Det er første gong at gjennom det amerikanske utanriksdepartementet sitt program «Rewards for Justice» at det blir utlovd dusør for informasjon som fører til ein som finansierer terror.
Opererer i Iran
Mannen dei no vil ha tak i heiter Yasin al-Suri, også kjend under namnet Ezedin Abdel Aziz Khalil. Han skal opphalde seg i Iran, og det amerikanske utanriksdepartementet meiner han derfrå organiserer terrorverksemd i land som Pakistan og Afghanistan.
USA meiner at denne mannen opererer under ein avtale mellom Al Qaida og iranske styresmakter.
– Organisasjonen hans rekrutterer terroristar i ulike land, og sender dei gjennom Iran til Pakistan og Afghanistan, seier Robert Hartung, talsmann i det amerikanske utanriksdepartementet.
Pengar til Al Qaida
Hartung seier også at al-Suri har fått sett fri fleire Al Qaida-aktivistar frå iranske fengsel og fått dei overflytta til Al Qaida-celler i Pakistan. Han skal også ha smugla store pengesummar til leiarskapen i Al Qaida i Afghanistan og Irak.
Yasin al-Suri er opphavleg frå Syria, men han skal ha opphalde seg i Iran sidan 2005. Etter USA si oppfatning er han det viktigaste bindeleddet mellom Al Qaida og iranske styresmakter.