Hopp til innhold

Aisha Gaddafi manar til libysk opprør

Aisha Gaddafi ber i ein radiotale det libyske folket om å reise seg og styrte dei nye makthavarane i landet.

Aisha Gaddafi er ei av døtrene til Muammar Gaddafi.

Aisha Gaddafi lever som flyktning i Algerie. Biletet er frå Tripoli i april i år.

Foto: LOUAFI LARBI / Reuters

Muammar Gaddafi regjerte Libya med jernhand i 42 år, og han hadde ein stor og talrik familie. Far sjølv vart drepen av opprørarar i oktober i år, og i dag kom dottera Aisha, i eit lydopptak på den syriske fjernsynsstasjonen Al Rai, med oppmodinga om å styrte det nye regimet.

– Med fly frå NATO

Aisha Gaddafi

Aisha Gaddafi er ei av døtrene til den drepne diktatoren Muammar Gaddafi.

Foto: LOUAFI LARBI / Reuters

Ho bad om ein revolt mot dei nye styresmaktene, som ho sa «kom til Libya med fly frå NATO», melder den britiske avisa Daily Telegraph .

– Faren min er ikkje borte, han vil alltid vere blant oss. Ikkje gløym ordren hans om å halde fram kampen, sjølv om de ikkje lenger kan høyre røysta hans, sa ho blant anna i talen.

Muammar Gaddafi vart skoten og drepen av opprørarar då han vart pågripen saman med sonen Matassim 20. oktober. Dei to var på flukt frå Gaddafis fødeby Sirte.

LES OGSÅ: Gaddafis gjenværende disipler

LES OGSÅ: Gaddafis barn - beundret og fryktet

LES OGSÅ: Dette er Gaddafis sønner og døtre

Flyktning i Algerie

Aisha Gaddafi flykta saman med mora og to brør til Algerie, då opprørarane inntok den libyske hovudstaden Tripoli i august.

Talen på den syriske fjernsynskanalen er i strid med avtalen Aisha gjorde med algeriske styresmakter om ikkje å kome med politiske utspel. Det kan føre til at familiemedlemene til Gaddafi kan misse statusen som humanitære flyktningar.

LES OGSÅ: For den ene rakner det - den andre holder stand

LES OGSÅ: – Gaddafis kone og datter har flyktet til Tunisia

LES OGSÅ: Saddam får Gaddafi-hjelp

SISTE NYTT

Siste nytt