Hopp til innhold

– Laurent Gbagbo har landa i Haag

Den tidlegare presidenten i Elfenbeinskysten, Laurent Gbagbo, har landa i Haag. Gbagbo er tiltalt for brotsverk mot menneskeslekta.

Ivory Coast President Laurent Gbagbo

Tidlegare president i Elfenbeinskysten, Laurent Gbagbo, skal vere på veg til Den internasjonale straffedomstolen i Haag.

Foto: GEORGE OSODI / AP

Han reiste frå ein flyplass i byen Korhogo nord i landet like etter klokka 18 lokal tid, klokka 19 norsk tid, tysdag kveld.

Onsdag morgon landa Gbagbo i Haag, og han er no i Den internasjonale straffedomstolen si varetekt.

Laurent Gbagbo er tiltalt for brotsverk mot menneskeslekta under valdshandlingane i Elfenbeinskysten etter valet i landet, der Gbagbo tapte mot noverande president Alassane Outtara.

Gbagbo Haag

Onsdag morgon landa Gbagbo i Haag.

Foto: ROBIN VAN LONKHUIJSEN / Reuters

Drap og valdtekter

Den internasjonale straffedomstolen ICC etterforskar drap, valdtekter og andre brotsverk under den fire månader lange konflikten som oppstod, då Gbagbo nekta å overlate makta i landet til Alassane Outtara etter valet i fjor.

Ein talsmann for amerikansk UD, Mark Toner, seier i kveld at Gbagbo no må stillast til ansvar for handlingane sine.

– Gbagbo hindra ein fredeleg overgang til demokrati i Elfenbeinskysten, og han har betalt ein pris for det. No må ha stillast til ansvar for det han har gjort, sa Mark Toner til journalistar i Washington.

Borgarkrig etter presidentvalet

ICC sende tidlegare i dag ut ein arrestordre på Gbagbo. Domstolen meiner han er ansvarleg for grove overgrep, som tilhengjarane hans gjorde seg skuldige i under den fire månader lange borgarkrigen.

Han var den øvste leiaren i Elfenbeinskysten frå år 2000 til april i fjor, då han vart styrta av styrkar som støttar den noverande presidenten Alassane Outtara.

Gbagbo nekta å gå av etter valnederlaget, trass i at det internasjonale samfunnet godkjende Outtara som den rettmessige vinnaren av valet.

FN meiner at 3000 menneske vart drepne under den blodige borgarkrigen.

LES OGSÅ:

LES OGSÅ: FN: Flere menneskerettsbrudd i Elfenbenskysten

LES OGSÅ: Norge gir 100 millioner til Elfenbenskysten

LES OGSÅ: Ouattara innsatt som president

LES OGSÅ:

SISTE NYTT

Siste nytt