78-åring kronprins i Saudi-Arabia

Saudi-Arabias nye kronprins, prins Nayef bin Abdul Aziz.
Foto: HASSAN AMMAR/AfpDen 87 år gamle kong Abdullah av Saudi-Arabia har utnemnd 78 år gamle prins Nayed bin Abdul Aziz til ny kronprins i landet.
Publisert 28.10.2011 00:51.
- Skriv ut
Prinsen har vore innanriksminister i Saudi-Arabia i nesten 40 år, og han har blant anna gjennomført ein større aksjon mot Al Qaida i det arabiske kongedømmet. Dette skjedde etter ei rad angrep frå terrororganisasjonen i 2003 og åra etter.
Døydde av kreft

Kong Abdullah under gravferda til broren prins Sultan i Riyadh sist tysdag.
Foto: Hassan Ammar/ApNayeef tek over som kronprins etter prins Sultan bin Abdul Aziz, som døydde i av tjukktarmskreft i New York sist veke. Han vart gravlagd i den saudiarabiske hovudstaden Riyadh sist tysdag.
Han hadde posten som luftfarts- og forsvarsminister i nesten 50 år, men det er førebels uklart kven som tek over denne posten i den saudiarabiske regjeringa.
Den nye kronprinsen har ord på seg for å vere endå meir konservativ enn kongen, og han har nære band til det religiøse maktapparatet i Saudi-Arabia. Men analytikarar som kjenner den saudiske kongefamilien seier at han kan kome å vise seg frå ei ny side som kronprins.
Lang erfaring
Han har lang erfaring med å styre, når både kongen og den tidlegare kronprinsen prins Sultan var sjuke. Kongen har hatt store problem med ryggen og har stadig vekk vore i utlandet for behandling.
Prins Nayed har ynda å kalle seg ein soldat under kommandoen til den saudiske kongen.
Kong Abdullah gjekk med gåstol og hadde maske på seg då han deltok i gravferda til prins Sultan i Riyadh tysdag.
LES OGSÅ: Saudi-Arabias kronprins gravlagt
LES OGSÅ: Kronprinsen i Saudi-Arabia er død
Saudi-Arabia
- Saudiarabisk jobbmesse for kvinner
- Åpner rehab for Al Qaida-medlemmer
- Deportert fordi de var for kjekke
- På kanten av bilmoro i ørkenen
- Overvåkes med tekstmeldinger
- 22 omkom då tankbil gjekk i lufta
- Kvinner fjernet fra IKEA-katalog
- 1000 kvinner sit fast på flyplass
- Saudi-Arabia raser mot nettadresser
- Saudi-Arabia bygger by for kvinner
- Historisk OL-uttak i Saudi-Arabia
Nyheter fra verden
Privatisering skaper fotballstorm - 24-åring pågrepet for gullsmedran
- Lottogevinst på 3,5 milliarder
- Toppolitikar drepen i Pakistan
- Flere drept i angrep i Irak
- Farvel til et kriserammet Europa
- Tre skutt under ran i Sverige
- Femtenåring erkjenner bilder
- Nord-Korea har avfyrt tre raketter
- Tre selvmord ved Foxconn-fabrikk




