Hopp til innhold

Harde kampar mellom fangar og voktarar i tyrkisk fengsel

Eit tyrkisk fengsel står i full fyr og det har brote ut harde kampar mellom fangar og fengselsvoktarar i den jordskjelvråka byen Van i Tyrkia.

TURKEY-QUAKE/PRISON Relatives of prisoners react

Eit fengsel i Tyrkia står i full fyr etter kaoset som braut ut i kjølvatnet av jordskjelvet søndag. Utanfor fengselsportane demonstrerer fleire hundre slektningar av fangane i frykt for at dei innsette skal brenna ihjel.

Foto: UMIT BEKTAS / Reuters

200 fangar rømde frå fengselet i kaoset som oppstod då regionen blei råka av jordskjelv søndag førre veke.

Av dei 200 som stakk av, har 60 returnert til fengselet etter å ha avlagt familiane sine ein visitt, ifølgje nyheitsbyrået Reuters.

Har sett fyr på fengselet

Dei innsette som framleis sit fengsla, går no til åtak på voktarane med knivar og sakser.

– Fangane vart veldig sinte og sette fyr på fengselet då dei ikkje slapp ut av fangecellene sine då det kom eit kraftig etterskjelv, seier ein talsperson for dei lokale styresmaktene.

Journalistar fortel om store flammar og kvit røyk som stig ut av fengselsbygget.

Reuters-reporterar har også høyrt fleire skot frå innsida av fengselsmurane.

Panikk blant dei pårørande

Fleire minibusslaster med soldatar er no frakta til fengselet for å slå med på fengselsopprøret. Utanfor ventar ambulansar som skal frakta skadde til sjukehus.

Ein blodig soldat måtte blant anna hjelpast ut for å få behandling for kuttskadar.

– Desse skamlause folka. Dei kasta sakser på han. Det er ein heil gjeng med fangar der inne som tek i bruk knivar, dolkar og andre våpen, seier ein medsoldat.

Det har også brote ut panikk blant dei rundt 200 tilskodarane som har stimla seg saman utanfor fengselsportane. Mange av dei oppmøtte er slektningar av fangane.

– Dei brenn i hjel der inne, skreik ein desperat mann medan politistyrkar for å halda den sinte folkemengda på avstand.

TURKEY-QUAKE/PRISON Smoke rises from a building

Rundt 200 kriminelle har rømt frå fengselet i Van. Fengselsmurane blei øydelagde som følgje av skjelvet, og fengselsbygg står i brann.

Foto: UMIT BEKTAS / Reuters

Dødstalet stig

TURKEY-QUAKE/PRISON A relative of a prisoner

Ei kvinne som har slekt på innsida av fengselet fortvilar over den dramatiske situasjonen.

Foto: UMIT BEKTAS / Reuters

Det kraftige skjelvet rysta Van-provinsen i Tyrkia i 13-tida søndag ettermiddag. Det hadde ein styrke på 7,2, og har så langt kravd 459 menneskeliv.

Det er venta at dødstala vil stiga kraftig etter kvart som leitemannskap og frivillige leitar gjennom ruinane av samanrasa bygningar.

1352 menneske er såra og 2262 bygningar har kollapsa. Mange hundre er framleis sakna, og bergingsmannskap jobbar no på spreng for å få redda ut så mange som mogleg av dei som er innesperra i bygningsmassane.

Det dukkar stadig opp nye gledeshistoriar om folk som blir gravne ut i live. Tidlegare i dag fortalde NRK.no om ein 14 dagar gammal baby som blei redda ut etter å ha lege fanga i bygningsrestane i to døgn.

Video Flyfoto frå dei jordskjelvråka områda i Tyrkia

Flyfoto frå dei jordskjelvråka områda i Tyrkia.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt

Ukraina skal ha skutt ned russisk bombefly – Nato lover mer luftvern

En utålmodig og desperat Volodymyr Zelenskyj trygler verden om mer støtte. En ekspert tror det blir kritisk for Ukraina å få mer luftvern.