Verda har aldri vore tryggare

Det har aldri vore så trygt å bevege seg rundt aleine i verda som i dag.
Foto: ColourboxMyten om at alt var betre før i tida kan du trygt leggje på hylla. Ny forsking viser nemleg at verda aldri har vore tryggare enn i dag.
Publisert 26.10.2011 00:39.
- Kommentarer
- Skriv ut
22. juli-terroren, den blodige Afghanistan-krigen og opprøret i dei arabiske landa kan fort få oss til å tru at verda går i feil retning. Men ny forsking viser at det aldri har vore tryggare å vere menneske enn i dag.
Dette kjem fram i ny forsking som er publisert i tre nye bøker, mellom anna av Harvard-psykologen Steven Pinker. Statistikken viser ein dramatisk nedgang i talet på krigsoffer, familievald, rasisme, valdtekter, mord og det meste anna av grusomme ting.
– Valdsnedgangen dei siste hundreåra er kanskje det viktigaste som har skjedd i historia til menneska, men det blir ikkje sett pris på, skriv Pinker.
Funna han har gjort er basert på omfattande studium av historiske kyrkjegardar, undersøkingar og historiske kjelder.
– Det er lett å gløyme kor farleg livet var før, og korleis brutaliteten var ein naturleg del av det daglege livet.
Her er nokre av dei oppsiktsvekkjande tala:
- Talet på menneske drepne i krig var fleire tusen gonger høgare i dei tidlege sivilisasjonane. Før dei første organiserte statane eksisterte, døydde meir enn 500 av 100.000 menneske i strid. I Frankrike på 1800-talet var dette talet 70. Dette haldt seg stabilt på 1900-talet grunna verdskrigane, då det var 60 drepne per 100.000. Så langt i vårt hundreår er dette talet krympa til 0,3.
- Det døyr færre i konfliktane. I 1950 døydde det i gjennomsnitt 10.000 per konflikt. I dag er talet på under 1000. Og talet på dei dødelegaste krigane har falle med 78 prosent berre sidan 1988.
- Talet på folkedrap var 1.400 gonger høgare i 1942 enn i 2008.
- Det var færre enn 20 demokratiske land i verda i 1946. I dag er det nærare 100. Samtidig har talet på autoritære regime krympa frå 90 i 1976 til rundt 25 i dag.
- Talet på mord i Europa har falle frå nær 100 per 100.000 innbyggjar på 1400-talet til rundt 1 per 100.000 innbyggjar i dag.
- Valdtekter i USA har falle med 80 prosent sidan 1973. I det same året var det registrert 150 lynsjingar i landet. I dag er dette ikkje-eksisterande.
- Diskriminering av svarte og homofile har falle skarpt dei siste tiåra. Det same gjeld for dødsstraff og misbruk og avstraffing av born.

Steven Pinker er professor i psykologi ved Hardvard-universitetet.
Foto: Wikimedia CommonsSmarte folk = fredeleg samfunn
Pinker konkluderer med at befolkninga i verda stadig vert klokare og meir opplyst, og at fred er ein konsekvens av eit opplyst samfunn.
IQ-testar viser at den gjennomsnittlege tenåringen stadig vert smartare for kvar generasjon. Ein gjennomsnittleg ungdom i dag ville nærast ha vore rekna som eit geni for 100 år sidan. Denne auken i intelligens viser seg igjen i ei snillare og fredelegare verd, skriv Pinker.
– Når me vert smartare kjem me på andre måtar å løyse konfliktar på enn vald. Menneskelivet har blitt meir verdifullt enn det var før, seier Pinker i eit intervju med vitskapsmagasinet Nature.
«Me ser grufulle ting i nyheitene kvar dag. Blodet vil alltid vere like raudt på fjernsynsskjermen.»
Joshua Goldstein, professor ved American University
Overdriven frykt for terror

Nyheitsbiletet det siste tiåret har vore prega av mange terrorhandlingar. Men terrorismen har hatt svært lite å seie i det store biletet.
– Terrorisme står for svært få dødsfall. 11. september var eit ekstremt unntak. Det har aldri før eller sidan vore eit terroråtak i nærleiken av dei same dødstala. Alt terroren gjer er å generere frykt, seier Pinker.
Pinker fortel at mange blir overraska når han viser den dramatiske valdsnedgangen i verda. Men sjølv om det finst akademikarar som er ueinige med forskarane om utviklinga vidare, er det ingen som har klart å motbevise valdsnedgangen.
Alltid vald i nyheitene
Joshua Goldstein er Professor i internasjonale relasjonar ved American University i Washington, D.C. og fortel den same historia som Pinker.
– Me ser grufulle ting i nyheitene kvar dag. Blodet vil alltid vere like raudt på fjernsynsskjermen.
- LES OGSÅ: – Mindre muslimhets etter 22. juli
- LES OGSÅ: Her er det mest vold per innbygger
Men, situasjonen er ikkje heilt rosenraud. Goldstein peiker på at, sjølv om det ikkje har vore eit atombombeåtak i 66 år, så kan berre éi bombe forandre på heile den historiske trenden om ein fredelegare verd.
Likevel trur både Goldstein og Pinker at verda vil halde fram med å bli endå fredelegare.
– Me har gått frå bålet til steikepanna. Det er ein framgang. Men me kan framleis kome oss ut av steikepanna, avsluttar Goldstein.

Blomsterhavet i Oslo etter terroren 22. juli i år minte oss på at me heldigvis lever i eit svært fredeleg samfunn.
Foto: Henrik Lied/NRKLes
Nyheter fra verden
- – Svenskene er elleville
- Romney og Santorum i klinsj
- – Minst 32 drept i Irak-angrep
- Victoria har født en prinsesse
- Santorum gir minst til veldedighet
- USA: Syria er «skamløst brutale»
- 10 år siden kulene rammet Savimbi
- Minnemarkering for Berserk
- Strauss-Kahn fri etter avhør
- Hosni Mubarak får dommen 2. juni
Neste sending: Urix
Urix
NRK2, torsdag 23.2. kl. 15.10 | Legg i kalender[?]Utenriksmagasin med intervjuer, reportasjer og kommentarer. Programleder: Christian Borch. Det lysner i Somalia - verdens mest kaotiske land. Ennå er millioner på flukt, men islamistene er slått tilbake og en mer normal samfunnsorden vokser frem.
Podkast
http://podkast.nrk.no/program/urix.rss
Med podkast får du programmet som mp3-fil rett til din datamaskin!
Kontakt
E-post: urix@nrk.no
Telefon: 23048000
NRK Nyheter, 0340 Oslo
Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.
Neste sending: Verden på lørdag
Nettradio
Podkast
http://podkast.nrk.no/program/verden_paa_loerdag.rss
Med podkast får du programmet som mp3-fil rett til din datamaskin!
Kontakt
E-post: vpl@nrk.no
Telefon: 23048000
NRK Nyheter, 0340 Oslo
Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.

