Hopp til innhold

Gaddafi skoten av sine eigne?

Dramatiske bilete av blodig og tydeleg såra Muammar al-Gaddafi gjekk verda rundt i går. Ein revolusjonssoldat seier han vart skoten av sine eigne.

Video Gaddafi ble mishandlet

VIDEO: Sjå dei dramatiske bileta frå Sirte.

På videoen som i går gjekk verda rundt ser vi at Gaddafi blir mishandla, men bileta fortel ikkje noko om korleis han døydde. Det var fullt kaos rundt den tydeleg såra eks-diktatoren.

Muammar Gaddafi etter at han vart teken til fange.

Muammar Gaddafi bar preg av sterk mishandling.

Foto: REUTERS TV / Reuters

Jublande revolusjonssoldatar skaut i lufta medan dei ropte «Allahu Akbar» (Gud er stor). Ein av dei viftar med ein gylden pistol han seier han har teke frå Gaddafi, andre skreiv graffitimeldingar på ein vegg like ved.

Ei av meldingane var kort og konsis: Gaddafi vart teken til fange her.

LES OGSÅ: - Vanskeleg å vere Libya-optimist

LES OGSÅ: Full forvirring om Gaddafis sønn

– Hald han i live

– Hald han i live, hald han i live, ropar ein i menneskemengda rundt Gaddafi. Etter det forsvinn Gaddafi frå biletet og det blir høyrt skot. Om det var då Gaddafi vart skoten er vanskeleg å gi noko svar på. Det kan like godt ha vore skyting i lufta.

Ei høgtståande kjelde i det libyske overgangsrådet seier dette til nyheitsbyrået Reuters:

Røyrleidningen der Gaddafi vart teken til fange.

Muammar Gaddafi søkte tilflukt inne i denne røyrleidningen.

Foto: ESAM OMRAN AL-FETORI / Reuters

– Dei tok han i live. Og medan han vart teken bort, banka dei han og tok livet av han. Han kan ha gjort motstand.

Overgangsrådet har gjort det klart at det ikkje var gitt ordre om å drepe Gaddafi.

Dette skjedde på morgonen i går torsdag:

Flyangrep mot Gaddafi-kolonne

Ved 0830-tida køyrde ei gruppe militære køyretøy ut av Sirte. Men dei kom ikkje langt. Franske fly gjekk til angrep på kolonnen, ifølgje franske kjelder. Ei amerikansk kjelde seier at angrepet kan ha vore utført av eit amerikansk førarlaust fly.

Dette skjedde nokre få kilometer utanfor Sirte. Etter angrepet kan vitne fortelje at det stod igjen 15 utbrende pick up-lastebilar cirka 20 meter frå vegen, like ved ein kraftstasjon.

Dei utbrende restane av menneske låg igjen inne i og utanfor bilane, det kan ha vore så mange som 50 døde menneske.

Revolusjonssoldatar skyt i lufta for å feire Gaddafis død.

Revolusjonssoldatar skyt i lufta for å feire Gaddafis død i Sirte.

Foto: SAAD SHALASH / Reuters

Leiaren for Gaddafis livvaktgarde, Mansour Daou, har sagt til Al Arabiya at han var saman med Gaddafi heilt til kort tid før han vart drepen. Han fortel at dei som overlevde angrepet på bilkortesjen stakk av i ulike retningar etter flyangrepet.

LES OGSÅ: Video viser Gaddafi i live

LES OGSÅ: - Gaddafi viftet med forgylt pistol

Gøymde seg i røyr

Gruppa som Gaddafi var saman med prøvde å gøyme seg inne i to røyrleidningar som gjekk under motorvegen, like ved kraftstasjonen. Ein av soldatane hans skal ha gått ut og sagt noko slikt som dette til revolusjonssoldatane:

– Herren min er her, herren min er her og han er såra.

Nokre av revolusjonssoldatane seier at Gaddafi trygla for livet sitt, andre seier han gjorde kraftig motstand. Det er vanskeleg å få klarlagt kva som er rett.

Revolusjonssoldaten Salem Bakeer fortel:

– Vi gjekk inn og henta Gaddafi ut. Han ropte «kva står på?» «kva skjer?» Etter det tok vi og putta han inn i ein bil.

LES OGSÅ: «Den gale hunden i Midtøsten»

Skoten i beinet og i ryggen

Området i Sirte der Gaddafi vart pågripen ber preg av harde kampar.

Dette området i Sirte, like ved der Gaddafi vart pågripen, ber sterkt preg av kamphandlingar.

Foto: ESAM OMRAN AL-FETORI / Reuters

Han fortel at Gaddafi på det tidspunkt alt var såra av skot i beinet og i ryggen. Andre revolusjonssoldatar som var der, har stadfesta historia til Bakeer. Men ein av dei, Omra Jourman Shawan, seier at Gaddafi til slutt vart skoten av ein av sine eigne.

– Han blødde frå magen. Det tok lang tid å få han om bord i ambulansen. Han blødde i hel i ambulansen, seier han.

Ein annan revolusjonssoldat, 27 år gamle Ahmed Al Sahati, fortel at Gaddafi kalla dei for rotter då dei tok han til fange.

– Og det seier han. Sjå kvar vi fann han, i eit stinkande røyr under motorvegen, seier han til Reuters. Han fortel at det låg fleire døde livvakter i og rundt opninga på røyret.

– Skotveksling

Fleire kjelder meiner det var to fraksjonar blant dei som tok Gaddafi til fange. Den eine gruppe ville ta han i live, medan den andre ville drepe han. Eks-diktatoren kan ha blitt treft under ei skotveksling mellom dei to gruppene.

Sjefen for Gaddafi-hæren, Abu Bakr Younis Jabr, skal også ha blitt teken til fange. Seinare opplyste ein representant for overgangsrådet at han var død.

Det er også uklart kva som skjedde med han.

SISTE NYTT

Siste nytt