Hopp til innhold

Tilsett ved SOS-barneby drepen

Sjukehuset og barnebyen til SOS-barnebyar i den somaliske hovudstaden Mogadishu er okkupert av soldatar. Ein tilsett er drepen.

SOS-barnebyer i Mogadishu

To månader etter at islamistrørsla al-Shabaab varsla at dei ville trekkja seg ut av Mogadishu, har dei gjennomført ei rekkje dødelege åtak i byen. SOS barnebyer er også råka av den urolege situasjonen.

Foto: SOS-barnebyer

Ein av SOS-barnebyar sine tilsette i Mogadishu blei den 10.oktober skoten og drepen utanfor den humanitære organisasjonen sitt medisinske senter i byen.

Generalsekretæren i SOS-barnebyer Sverige, Anna Ryott, kallar hendinga for eit «forferdeleg brot på menneskerettane».

Harde kampar i området

Den drepne, Ali Shabye, hadde jobba i SOS-barnebyer i 17 år og jobba ved vaskeriet. Han vart eit sivilt offer i ei skotveksling mellom somaliske regjeringssoldatar, soldatar frå Den afrikanske union og den islamistiske opprørsgruppa al-Shabaab, opplyser SOS på sine nettsider.

Området som barnebyen ligg i, har i fleire dagar vore utsett for harde kampar. Pasientar og tilsette vart sist søndag tvinga til å flykta frå sjukehuset.

Bortføringar og drap

Tilsette og pasientar ved barnebyen skal no vera i tryggleik i Kilo, 13 kilometer frå Mogadishu. Personalet ved sjukehuset er lokalt tilsette.

Al-Shabaab har også fått skulda for å stå bak fleire drap og bortføringar i Kenya den siste tida.

Seinast torsdag 13.oktober vart to spanske hjelpearbeidarar kidnappa medan dei arbeidde for Leger uten Grenser i flyktningleiren i Dadaab.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt