Hopp til innhold

Mann tiltalt i massiv overgrepssak

Ei omfattande sak om seksuelt misbruk av born er under opprulling i Danmark. Ein mann er tiltalt for i alt 28 overgrep.

Ein 40 år gammal mann frå Esbjerg er tiltalt for 28 tilfelle av seksuelle krenkingar mot born.

Overgrepa skal ha skjedd over ein periode på 13 år, og det eine offeret er dottera til den tiltalte mannen.

Arrestert i fjor

Mannen skal ha misbrukt ni av borna seksuelt. Totalt er han sikta for 28 forhold som gjeld sedskap. 27 av dei handlar om overgrep, opplyser statsadvokaten for Fyn, Syd- og Sønderjylland til Danmarks Radio.

Det første overgrepet skal ha skjedd i 1987, medan det siste fann stad i 2010. Mannen blei arrestert i oktober 2010, og har sidan det sete varetektsfengsla.

Overgrepa har skjedd på ulike stader i Danmark, blant anna i Taastrup, Greve, Hvidovre, og seinast i Esbjerg.

Saka skal opp i retten den 25.oktober i år. Det er venta at dommen vil komma den 17, november, ifølgje Danmarks Radio.

SISTE NYTT

Siste nytt