Hopp til innhold

– Nobelprisen kan ha vore ein årsak

Jemen-kjennar meiner nobelprisutdelinga til Tawakkul Karman kan ha vore ein årsak til at presidenten i Jemen no seier at han vil gå av. Men dei er ikkje heilt overtydd om at han pratar sant.

YEMEN-POLITICS-UNREST YEMEN-POLITICS-UNREST

Det er ingen teikn på at folkeopprøret i Jemen vil ta slutt. Dette har president Ali Abdullah Saleh kanskje no innsett.

Foto: MOHAMMED HUWAIS / Afp

– Umiddelbart trur eg at Nobelprisen vil gjere at søkjeljoset på Jemen vert sterkare, og at dette kan ha vore ein av årsakene til at han har valt å trekkje seg. Dette seier seniorrådgjevar hos Flyktninghjelpen, Richard Skretteberg til NRK.no.

Men om Saleh denne gongen pratar sant er ikkje Jemen-kjennarane heilt overtydd om.

Det var laurdag at Ali Abdullah Saleh varsla på statleg fjernsyn at han i løpet av dei næraste dagane ville trekkje seg som president.

– For tidleg å seie

Islamforskar Atle Mesøy ønskjer å ta atterhald når NRK.no ber han kommentere presidenten sin varsla avgang.

– Han har sagt dette så mange gongar at det må vere noko meir handfast dersom det skal vere signifikant. Nei, eg er ikkje heilt overtydd, seier Mesøy.

Mesøy viser til at Saleh også i vår meldte at han ville gå av, men stilte vilkår til opposisjonen som dei ikkje var villige til å gå med på. Han trur likevel at noko snart vil skje i Jemen.

– Det er mange spørsmål som må sorterast. Det er rett og slett for tidleg å seie. Men det ligg i korta at det kan skje noko i næraste framtid.

Framleis uro i landet

Richard Skretteberg trur det er mykje som tyder på at Saleh denne gongen pratar sant.

– Eg trur mykje tyder på at han no vil gå av. For det første har han jo vore skada og behandla i Saudi-Arabia i lang tid, og så kome tilbake. Den urolege situasjonen i Jemen er langt frå avklart, og demonstrasjonane held framleis på. Eg trur han har så store problem med å halde kontroll på dei statleg institusjonane at denne gong er truleg at han vil gå av.

Skretteberg meiner «den arabiske våren» har ført til at det er vanskelegare å stå i mot protestar enn før, for det er eit mykje meir folkeleg opprør enn nokon gong. I tillegg meiner han USA har spelt ei sentral rolle.

– Saleh har lenge vore ein nær alliert med USA. Men i vår gjekk også dei i mot han. Då var det mange som trudde at han ville kaste inn handkle. Det er eit vedvarande press frå USA om at han skal gå av.

– Dersom Saleh går av, kan dette gjere at Syria sin president også vil vurdere å gi frå seg makta?

– Det trur eg ikkje. Konflikten i Syria er nokså forskjellig. Begge situasjonane er del av den arabiske vårløysinga, men eg trur ikkje dette vil ha ein direkte påverknad på Syria.

SISTE NYTT

Siste nytt