Hopp til innhold

Verste flaum på 50 år råkar store deler av Thailand

224 menneske er omkomne i Thailand etter at ein av dei verste flaumane på fleire tiår råkar landet.

Video Flaum i Thailand

KLIKK FOR VIDEO: Ayutthaya-templa som ligg på UNESCO si verdsarvliste ligg to meter under vatnet.

Den årlege monsunsesongen har dette året teke livet av minst 224 personar. Det er den verste flaumen på 50 år og har råka 58 av landet sine 77 provinsar. No er også område rundt Bangkok i fare.

Meir enn 1,2 millionar hektar med jordbruksområde ligg for tida under vatn, og meteorologane har åtvara mot mykje kraftig nedbør dei neste dagane.

Verdsarv under vatn

Det 400 år gamle tempelet Chai Wattanaram i oldtidsbyen Ayutthaya er under vatn. Tempelet som er på verdsarvlista, og mange andre historiske stadar, står i fare for å bli skada i storflaumen.

– Vassnivået er gått opp til 2 meter, og 150 soldatar jobbar med å sikre området, seier Wittaya Pewpong som er guvernør i Ayutthaya-provinsen til Reuters.

Han seier at meir enn 200 av dei 500 oldtidstempla i provinsen er råka av flaumen.

THAILAND-WEATHER-FLOODS THAILAND-WEATHER-FLOODS

Slik såg det ut rundt dei historiske templa for berre nokre dagar sidan. Dikene måtte vike for dei ekstreme vassmengdene.

Foto: NICOLAS ASFOURI / Afp

Vekt opp på natta

Innbyggjarane i byen like ved Ayutthaya vart tekne på senga, bokstaveleg tala, då vassmengdene byrja å strøyme inn i gatene. Dei vart vekt opp midt på natta, og måtte haste med å få med seg dei viktigaste eigendelane då dei vart evakuert.

Sjølv om alle 16 distrikta i Ayutthaya-provinsen er erklært katastrofeområde, er det førebels ikkje meir enn tre historiske stader som er lagt under vatn.

I tillegg til Chai Wattanaram-tempelet, er også den historiske portugisiske landsbyen og det 500 år gamle Pom Petch-fortet råka av dei enorme vassmengdene, skriv Bangkok Post.

Årsaka til den massive flaumen er ein tropisk storm som følgde etter det årlege monsunregnet.

Dyre skader

Kulturministeren i Thailand, Sekumol Kunplome, seier at skadane på dei historiske bygningane er rekna å koste minst 100 millionar baht, eller 19 millionar kroner.

Hovudstaden Bangkok er også råka av storflaumen. Byen ligg berre to meter over havoverflata, og styresmaktene jobbar på spreng for at ikkje elva Chao Phraya skal gå over sine breidder og renne inn i byen.

10.000 soldatar er sendt til gigantbyen for å bistå sivilbefolkninga, og militærbrakker er gjort klare til å ta i mot dei evakuerte.

Fleire togavgangar til den nordlege delen av landet er innstilt.

Kambodsja også råka

Også Kambodsja er råka hardt av storflaumen. 164 menneske er døde i landet sidan 13. august, som resultat av flaumen.

Styresmakter opplysar til Reuters at meir enn 215.000 familiar er på flukt i landet fordi vegar, bruer og dike har blitt øydelagt.

Katastrofen har også ført til at mangel på mat er blitt eit alvorleg problem.

THAILAND-FLOODS/ A woman carries her computer monitor as she walks in a flooded street near Wat Chaiwatthanaram, a UNESCO World Heritage Site, in Ayutthaya province

Ei kvinne redder eigedelane sine etter kvart som vassmengda stig kvar dag som går.

Foto: CHAIWAT SUBPRASOM / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt