Hopp til innhold

Kan eit nazilån hjelpe Hellas?

Eit lån på 500 milliardar som nazistane tvang ut av Hellas er på ny kome fram i lyset, og kan verte del av redninga til økonomien i Hellas.

Tyske soldater foran Akropolis

Tyske nazi-generalar poserar utanfor Akropolis i Aten. Det kan kanskje tyskarane måtte betale dyrt for.

Foto: akg-images / akg-images

Den greske økonomien er no viden kjend som «den greske tragedien». Skyhøg gjeld og offentleg overforbruk gjer at landet praktisk tala er konkurs.

Men historiebøkene viser at landet kanskje ikkje er heilt bankerott likevel. Pengar datert tilbake til 1940-talet kan no kanskje kome grekarane til gode.

Vart hardt råka

Den sjette april, 1941, vart Hellas og Jugoslavia okkupert av Hitler. Kort tid etter tvang Tyskland den greske nasjonalbanken til å gi dei eit rentefritt lån på 81 milliardar kroner. Med vanleg renterekning er verdien på dette lånet rundt 500 milliardar kroner i dag.

Ikkje bare var okkupasjonen på 1940-talet ein stor økonomisk byrde for Hellas. Dei menneskelege lidingane var svært store i landet. Historikarar har rekna ut at Hellas var det landet som vart sett mest tilbake under 2. verdskrig, etter Sovjetunionen, Jugoslavia og Polen.

Etter tyskarane overgav seg, vart det på ein konferanse i Paris først bestemt at grekarane hadde krav på 58 milliardar kroner i erstatning. Men det endte med at Hellas kun fekk 4,5 prosent av dette beløpet i materiell erstatning, skriv magasinet Time.

(artikkelen held fram)

GREECE-EU-FINANCE-ECONOMY-DEMO -

Ei tilbakebetaling av gigantlånet ville utan tvil gjort demonstrantane i Hellas fornøgde. Her frå ein ny demonstrasjon framføre parlamentet i Aten fredag.

Foto: LOUISA GOULIAMAKI / Afp

Aktuelt grunna krisa

I 1990 skreiv grekarane motvillig under ein kontrakt som sa at tyskarane ikkje trengte å betale noko meir tilbake. Som medlem av NATO og tette handelsband med Tyskland, hadde det vore politisk umogleg å kreve eit slikt gigantbeløp.

Kravet har likevel vore oppe i gresk politikk med jamne mellomrom, for det meste populistiske utspel frå enkeltpolitikarar. Dei 500 milliardane er denne gongy kome fram i lyset mykje grunna det økonomiske uføret Hellas no er i.

Men dersom kravet no blir tatt seriøst, er det ifølgje Time to moglege utfall. Dersom lånet vert definert som ein form for krigsskade, fører traktaten frå 1990 til at Tyskland ikkje treng å betale tilbake pengane. Men dersom lånet vert definert som ein vanleg form for kreditt, er denne traktaten ugyldig, og Hellas kan få fyllt opp statskassa med sårt tiltrengte pengar.

Om ei utbetaling faktisk kjem til å skje er likevel tvilsamt. Kva ville det bety for alle land som fekk ressursane sine frårøva under andre verdskrig, og som også føler at også dei har krav på erstatning?

Kulturstrøm

  • Gåte er fornøyd, men spente

    Til NRK sier Gåte at de er fornøyde med plasseringen de har fått i sin semifinale, men at de samtidig er spente på stemningen i salen etter Israels opptreden.

    Tidligere tirsdag ble det kjent at Norge opptrer rett etter Israel i den andre semifinalen i Malmö 9. mai. EBU har fått kritikk fra flere hold for å la Israel delta.

    Jim Ødegård Pedersen, leder folkejuryen Adresse Malmö, tror det kommer til å gå bra. Men sier at Israels bidrag ikke er det enkleste å opptre etter i år. Også han er spent.

  • Madonna avslutter turné med stor gratiskonsert

    Madonna skal holde en enorm gratiskonsert på Copacabana i Rio de Janeiro 4. mai som avslutning på Celebration-turneen som startet i oktober.

    På Madonnas nettside omtales konserten som hennes «største show hittil». Den er en «takk til fansen for å ha feiret musikken hennes i mer enn fire tiår».

    Madonna
    Foto: Evan Agostini / AP