Hopp til innhold

Palestinarar i gledesrus i Ramallah

Titusenvis av jublande palestinarar strøymde ut i gatene i dei store byane på Vestbreidda i kveld då president Mahmoud Abbas leverte søknaden om medlemskap i FN i New York.

Det var sett opp mange storskjermar i sentrum av byar som Ramallah, Betlehem, Hebron og Nablus, og det var pynta med palestinske flagg og banner.

På Arafat-plassen i Ramallah braut dei frammøtte ut i gledesrop då det vart klart at Abbas formelt hadde levert søknaden. Dei vifta med det palestinske flagget og ropte slagord til støtte for Abbas og medlemssøknaden i FN.

LES OGSÅ:

LES OGSÅ: Abbas seier han vil forhandle

Hylling av Abbas

- Abbas, vi er ditt folk, og du gjer at vi kan gå med løfta hovud, var eitt av ropa som runga gjennom folkemengda.

- Vi skal forsvare Palestina med sjelene våre og blodet vårt, var eit ranna slagord som som gjekk igjen.

Video Abbas leverte FN-søknad fredag

Palestinere på Vestbredden følger Abbas' tale i New York

- Det er fleire titusen menneske ute i gatene i byar som Ramallah, Hebron og Nablus, seier ein talsmann for dei palestinske tryggingsstyrkane, Adnan Damiri.

I Hebron jubla folkemelngda då ein gigantisk ballong dekorert med det palestinske flagget og eit bilete av Mahmoud Abbas vart sendt opp i lufta. Også her vifta dei med palestinske flagg og ropte «Palestina 194».

Det refererer til søknaden om at dei palestinske områda skal bli FNs medlemsland nummer 194.

LES OGSÅ: Abbas har levert FN-søknaden

LES OGSÅ: Abbas har lite å miste - men alt å vinne i FN

Høg beredskap

Israelske soldatar og grensepoliti er i høg beredskap langs grensene til dei palestinske områda, i frykt for uro. Det vart tidlegare i dag meldt om fleire samanstøytar mellom palestinarar og israelske soldatar.

I byen Qusra utanfor Nablus vart ein 37 år gammal palestinar drepen i uroa . Han døydde etter å ha blitt skoten i nakken.

Israelske styresmakter fryktar at søknaden om medlemskap i FN skal føre til omfattande uro. Fleire israelske politikarar har skulda palestinske styresmakter for å ha planlagt bruk av vald mot busetjarar og soldatar.

LES OGSÅ: – Ingen svarvei til fred i Midtøsten

LES OGSÅ: Dette må til for at en fredsavtale kan komme på plass

SISTE NYTT

Siste nytt