Hopp til innhold

Spiondømde amerikanarar slapp fri mot kausjon

Dei to spiondømde amerikanarane som har sete fengsla i Iran i over to år, er sleppte fri.

Shane Bauer og Josh Fattal.

Shane Bauer og Josh Fattal under det første rettsmøtet i Teheran i februar.

Foto: - / Afp

Spiondømde Josh Fattal og Shane Bauer er onsdag ettermiddag på veg til Mehrabad flyplass etter at det USA-allierte sultanatet Oman betalte kausjonspengane som iranske styresmakter kravde mot å setja fri dei to amerikanarane.

– Ja, Oman har skaffa til vegs kausjonen på til saman ein million dollar, opplyser advokaten til dei to fengsla, Masoud Shafii til nyheitsbyrået AFP onsdag.

Oman er ein viktig alliert for USA og har eit venskapeleg forhold til Iran. Domstolen i Teheran stadfestar i ei pressemelding onsdag at dei er villige til å lauslata amerikanarane mot ein kausjon på 500.000 dollar for kvar av dei.

Bauer og Fattal vil bli frakta tilbake til USA med fly i løpet av onsdagen, ifølgje AFP.

– Turistar på fjelltur

Shane Bauer, Sarah Shourd, Josh Fattal

Shane Bauer, Sarah Shourd og Josh Fattal seier dei var turistar på fjelltur i Iran og har heile tida nekta for å ha tilknyting til amerikansk etterretning.

Foto: Press TV / Ap

Amerikanarane Shane Bauer og Josh Fattal blei i august i år dømde til åtte års fengsel for spionasje og ulovleg innreise i Iran.

Dei vart arresterte i juli 2009 ,i nærleiken av grensa til Irak, saman med ein tredje amerikanar, Sarah Shourd. Ho blei seten fri i september 2009.

Trioen har forklart at dei var turistar på fottur i fjellet då dei blei arresterte. Også USA sin president Barack Obama har avvist skuldingane om at dei tre var på oppdrag for den amerikanske etterretningstenesta.

Mellombels ute av fengselet

Seinast tysdag førre veke lova Irans president Mahmoud Ahmadinejad at dei to mennene skulle få fridomen tilbake innan to dagar, men først i dag blei dei sette fri.

Ifølgje Reuters køyrde ein konvoi frå den Sveitsiske ambassaden i Iran inn i Evin-fengselet onsdag ettermiddag. Sveits følgjer opp amerikanske interesser i den islamske staten, ettersom USA og Iran ikkje har diplomatiske sambindingar til kvarande.

Uansett om Bauer og Fattal slepp ut av fengselet i Teheran, vil dommen mot dei likevel stå ved lag.

Dei spionfengsla amerikanarane har anka fengselsdommen på åtte år. Kausjonen medfører at dei slepp å sitja bak lås og slå medan ein ankedomstol handsamar saka.

SISTE NYTT

Siste nytt