Hopp til innhold

- Israel er ein borskjemd unge

Tyrkias statsminister Recep Tayyip Erdogan held fram med å hamre laus på Israel. I eit intervju i dag kallar han Israel for «ein bortskjemt unge».

Statsminister Recep Tayyip Erdogan

Statsminister Recel Tayyip Erdogan kjem med knallhard kritikk av Israel.

Foto: OSMAN ORSAL / Reuters

Erdogan, som representerer det moderate islamistiske partiet AKP, er kraftig fornerma for at Israel ikkje vil be om orsaking for at ni tyrkiske aktivistar vart drepne i mai fjor i eit forsøk på å bryte den israelske blokaden av Gazastripa.

Israel har akseptert FN-rapporten om det som skjedde den gongen, men Tyrkia meiner rapporten er for posivit overfor Israel. Rapporten seier blant anna at den israelske blokaden av Gazastripa er folkerettsleg lovleg .

Stansar alt samarbeid

Tayip Erdogan

Recep Tayyip Erdogan seier Israel vil stanse alt samarbeid med Israel.

Foto: ADEM ALTAN / AFP

- Vi avslutar alt handelssamarbeid, alt militærsamarbeid og alt som har med miitærindustrien å gjere. Alt dette samarbeidet er avslutta, og vi vil setje i verk også andre tiltak, sa Erdogan i dag ifølgje det halvoffisielle nyheitsbyrået Anatolia.

Ein anonym kjelde ved statsministeren sitt kontor seier til CNN at statsministeren ikkje har tenkt å stanse den biletarale handelen mellom dei to landa på tre milliardar dollar, berre det som har med forsvarsindustrien å gjere. Tidlegare har Tyrkia bede ein FN-domstol granske Israel .

Recep Tayyip Erdogan sa også at om dette er ein plan B, så vil det også kome ein plan B. Han gjekk ikkje nærmare inn på kva dette vil innebere, men han har gjort det klart at den tyrkiske marinen vil auke nærværet sitt i det austlege Middelhavet.

Dårleg forhold til Kypros

Dette kan bety auka tyrkisk patruljering i området mellom Israel og Kypros. Tyrkia har eit dårleg forhold til Kypros, og det kan også vere ein grunn til å auke patruljeringa i dette området.

I dag ymta Erdogan også frampå om at han kanskje kjem til å vitje Gazastripa via den egyptiske grenseovergangen Rafah. Men han vil først rådføre seg med egyptiske leiarar, sa han. Han skal på eit to dagar langt besøk i Egypt frå 12. september.

Israelske styresmakter seier dei gjer alt dei kan for å reversere den negative dynamikken i forholdet mellom dei to landa. Nokre kjelder seier til CNN at striden mellom dei to landa kan løysast ved hjelp av tid og godt diplomati.

Bort frå Vesten

Andre meiner Erdogans harde utfall mot Israel har mindre med Israel å gjøre enn det faktum at Tyrkia er i ferd med å orientere seg bort frå Vesten og meir mot den islamske verda. Og der er det lite populært å ha eit godt forhold til israel.

Tyrkia var det første muslimske landet som godkjende Israel som sjølvstendig stat i 1949. Sidan har dei to landa hatt eit tett samarbeid, med blant anna felles militærøvingar.

SISTE NYTT

Siste nytt