Hopp til innhold

Støre: – Uhøyrt av USA og Israel å truga FN

Utanriksminister Jonas Gahr Støre (Ap) åtvarar Israel og USA mot å driva utpressing av FN i Palestina-spørsmålet.

Jonas Gahr Støre og Benjamin Netanyahu

Noreg vil i prinsippet anerkjenna ein FN-søknad frå Palestina, men USA og Israel trugar med å straffa FN i Palestina-spørsmålet. Her er utanriksminister Jonas Gahr Støhre i samtalar med statsministeren til Israel, Benjamin Netanyahu, i slutten av august.

Foto: Utenriksdepartementet / Scanpix

Palestina ønskjer å bli medlem av FN. Det medfører at FN anerkjenner Palestina som ein eigen stat. Israel reagerer med raseri, og saka byr på diplomatisk hovudpine for EU-landa.

Støre seier det er forkasteleg av Israel og USA å truga FN ved å halda tilbake den økonomiske støtta til FN.

– Å truga FN med sanksjonar på bakgrunn av vedtak i Generalforsamlinga til FN er uhøyrt, seier Støre til NRK.

Israel og USA er bremseklossar

Palestina-spørsmålet byr på problem for Noreg og andre FN-land, fordi Israel held igjen i forhandlingane og nektar å gje etter. USA er også intenst imot ein palestinsk stat og har gjeve klar beskjed om at dei vil leggja ned veto dersom Palestina søkjer om FN-status.

Fredag heldt Støre ein innleiande tale på EU sitt utanrikministermøte i Polen. Den norske utanriksministeren åtvarar mot Israel sine forsøk på å «mura igjen» for ein palestinsk stat.

Noreg har støtta ei tostats-løysing i mange år, heilt sidan Israel vart grunnlagt og teke opp i FN i 1947.

Noreg er no klare til å anerkjenna stat nummer to - Palestina.

– Me vil anerkjenna ein realitet framfor ein visjon. Staten har forhandla seg ferdig om grenser, hovudstad og om uteståande spørsmål i konflikten med Israel, seier Støre.

Støre viser til at Noreg har gjeve langt svakare statar si velsigning til å lausriva seg.

– Sør-Sudan er jo til dømes eit land der grensene ikkje er heilt klare, der styresettet er frykteleg svakt og store delar av befolkninga har flyktningstatus.

Må vurdera FN-søknad

Noreg støttar Palestina i prinsippet, men vil likevel ikkje gje Palestina eit rungande ja til FN-medlemskap før dei har saumfart søknaden.

Kvifor er det så vanskeleg for Noreg å gå for, klart og tydleg, at Palestina bør bli FN-medlem?

– Me må først sjå på korleis Palestina formulerer seg i den teksten som dei skal leggja fram for FN. Dersom teksten ser riktig ut, kjem Noreg til å stemma ja til palestinsk FN-medlemskap, svarar utanriksministeren.

Med «riktig» meiner Støre at Palestina må leggja opp til forhandlingar med Israel som det framleis er usemje om. Det gjeld blant anna oppteikning av grensene, om korleis dei skal dela hovudstaden Jerusalem, flyktningspørsmål og spørsmål knytta til tryggleik.

– Det er også viktig at palestinarane skildrar kva karakter staten skal ha. At det er ein stat som skal følgja folkeretten, menneskerettane og rettsstatprinsippa. Dette må me få ei tydeleg formulering på, seier han.

– Vil bli meir spent

I slutten av august vart Israel og Hamas samde om våpenkvile etter lang tid med åtak på og ved Gazastripa.

Men Israel kjem med truslar om kva dei vil gjera mot palestinske styresmakter dersom staten vert anerkjend av FN.

– Situasjonen kjem til å bli enda meir spent etter at resolusjonen eventuelt vert vedteke, seier Støre.

Noreg vil heller ikkje akseptera at palestinarane delegitimiserer Israel på nokon måte. Dei må i sin FN-søknad ikkje gå utover Israels rett til å eksistera innanfor anerkjende grenser, opplyser statsråden.

SISTE NYTT

Siste nytt