Strauss-Kahn tilbake på fransk jord

Strauss-Kahn var godt nøgd med å kunne reisa heim til Frankrike med kona etter turbulente månader i retten i New York.
Foto: Michel Euler/ApDen tidlegare IMF-sjefen Dominique Strauss Kahn landa søndag morgon i Frankrike. I heimlandet går han ei uviss framtid i møte.
Publisert 03.09.2011 23:21. Oppdatert 04.09.2011 09:07.
- Skriv ut
Strauss Kahn, som har vore under etterforsking for valdtekt i New York, reiste laurdag kveld frå USA med fly.
Strauss-Kahn gjekk om bord i eit fly til Frankrike saman med kona Anne Sinclair.

Dominique Strauss-Kahn og kona Anne Sinclair kom til JFK-flyplassen i New York i kveld.
Foto: ALLISON JOYCE/Reuters
Heile verda sitt søkjelys har vore retta mot Dominique Strauss-Kahn etter at han i mai vart arrestert, mistenkt for valdtekt.
Foto: RICHARD DREW/AfpPåtalemakta la bort saka mot den tidlegare IMF-sjefen fordi det vart reist tvil om truverdet til kvinna som skulda han for valdtekt.
Uviss framtid
Det var eit stort presseoppbod då ekteparet kom til John F. Kennedy-flyplassen seint i kveld norsk tid, og dei to vart geleida gjennom mylderet av journalistar av tryggingsvakter inn til tryggingskontrollen.
Det er uklart om Strauss-Kahn vil prøve å kome tilbake til fransk politikk.
Den 62 år gamle økonomen og politikaren gjekk av som IMF-sjef i mai, etter at han vart arrestert, mistenkt for valdtekt av ei kvinne som arbeidde på hotellet han budde på i New York.
Ripar i lakken
Sist droppa påtalemakta saka mot han etter at det viste seg at kvinna på fleire punkt ikkje hadde snakka sant. Dermed meinte statsadvokaten i New York at dei ikkje hadde ei sterk nok sak mot Strauss-Kahn.
Strauss-Kahn var favoritt til å bli det franske sosialistpartiet sin presidentkandidat ved valet neste år.
Han var rekna for å vere den som hadde størst sjanse til å slå den sitjande presidenten Nicolas Sarkozy, men saka i New York har truleg øydelagd for den politiske karrieren hans.
Anklagene mot Dominique Strauss-Kahn
- –Strauss-Kahn sentral i sexnettverk
- Fikk millioner av Strauss-Kahn
- Strauss-Kahn tapte i retten
- Strauss-Kahn og stuepiken forlikes
- – Vil inngå forlik med stuepike
- Banon sjikaneres i Frankrike
- – Strauss-Kahn og kona separert
- Strauss-Kahn saksøker stuepiken
- DSK kan bli anklaget for voldtekt
- Ingen immunitet for Strauss-Kahn
- Strauss-Kahn legg skulda på Sarkozy
Nyheter fra verden
Arrestert ordførar trekker seg - Våpenlager eksploderte i Russland
- Skolebomber får livsvarig fengsel
- Tyrkia vil regulere sosiale medier
- – Vi blir aldri helt enige om Syria
- Assange ett år i ambassade-asyl
- Snowden ba om hjelp til Island-asyl
- Hemmelige talibanmøter i Norge
- FBI: Avverget 50 terroranslag
- G8-tiltak mot gissel-industri




