Libyske opprørarar får 85 mrd. kr.

Frå pressekonferansen i Paris i kveld. Frå venstre Mustafa Abdel Jalil frå overgangsrådet i Libya, Frankrikes president Nicolas Sarkozy, Storbritannias statsminister David Cameron og emiren av Qatar, Sheikh Hamad bin Khalifa al-Yhani.
Foto: LIONEL BONAVENTURE/Afp"Venengruppa for Libya", som har hatt møte i Paris i dag, har frigjort over 85 milliardar kroner, som Gaddafi-regimet har hatt ståande i utanlandske bankar.
Publisert 01.09.2011 22:07. Oppdatert 01.09.2011 23:32.
- Skriv ut

Jens Stoltenberg var med på møtet i Paris.
Foto: Charlotte Haarvik Sandén/NRKPengane har vore frosne etter at det vart innført strenge, økonomiske sanksjonar mot Gaddafi-regimet tidlegare i år.
Også i norske bankar
Statsminister Jens Stoltenberg representerte Noreg på møtet i dag, og han bad FNs sanksjonskomite om å frigjerne to milliardar kroner, som Gaddafi-regimet har hatt i norske bankar.
Pengane vil no bli overteke av overgangsrådet i Libya, trass i at Gaddafi-tilhengjarane enno ikkje har gitt opp. Tidlegare torsdag oppmoda Muammar Gaddafi tilhengjarane sine til å halde fram kampen mot opprørarane.
Frankrike har gjort det klart at dei meiner det er logisk at land som har støtta dei libyske opprørarrane mest aktivt, også får nyte godt av dette under gjenoppbygginga.
- Forretningsmessige prinsipp
Jens Stoltenberg seier til NTB at han ikkje har inntrykk av at det går føre seg ein dragkamp mellom stormaktene om å sikre seg grunsige kontraktar og libyske oljeressursar.
- Vi har ikkje informasjon som tilseier det. Tver imot har vi informasjon om det motsette, sa Stoltenberg før møtet i kveld. Han sa at Noreg har fått sterke forsikringar om at olje- og gassverksemda i Libya vil byggje på forretningsmessige prinsipp.
Libya
- Minst 17 drepne i angrep i Libya
- Libya utestenger Gaddafi-folk
- Væpnede menn omringer departement
- Bilbombeangrep i Tripoli
- Britiske hjelpearbeidere voldtatt
- Libya: Regjeringen sviktet
- Libya stenger grensene
- – Vestlige bør komme seg vekk
- - Vesten bygde opp Mali-opprørarar
- Clinton advarer mot radikalisering
- WSJ: Benghazi-angrepsleder pågrepet
Nyheter fra verden
23-åring pågrepet for gullsmedran - Lottogevinst på 3,5 milliarder
- Toppolitikar drepen i Pakistan
- Flere drept i angrep i Irak
- Farvel til et kriserammet Europa
- Tre skutt under ran i Sverige
- Femtenåring erkjenner bilder
- Nord-Korea har avfyrt tre raketter
- Tre selvmord ved Foxconn-fabrikk
- Indiske kvinner danner borgervern




