Hopp til innhold

Vil frigi to milliardar til Libya

Den norske regjeringa ber FN om grønt lys til å stille to milliardar kroner som står sperra i norske bankar, til det libyske overgangsrådet.

"Vener av Libya" held toppmøte i Paris

Nicolas Sarkozy og David Cameron skal leia dagens toppmøte i Paris, som har fokus på gjenoppbygging heller enn krigføring. Sarkozy tok i mot deltakarane ved Elysee-palasset i Paris i føremiddag.

Foto: Michel Euler / Ap

Jens Stoltenberg

Statsminister Jens Stoltenberg deltek på møtet i Paris.

Foto: Charlotte Haarvik Sandén / NRK

Statsminister Jens Stoltenberg bad om dette på «Vener av Libya»-møtet i Paris, som starta i ettermiddag. Det er snakk om libyske pengar tilhøyrande Gaddafi-regimet som har stått på konto her i landet, og som har vore frosne som følgje av dei internasjonale sanksjonane mot Libya.

Statsminister Jens Stoltenberg (Ap) og stats- og regjeringssjefar frå rundt 50 andre land samlar seg i dag for å delta på toppmøtet om Libya i Paris. Saman utgjer dei «Vener av Libya» - den internasjonale kontaktgruppa for Libya.

NATO-land lovar å bli i Libya fram til Gaddafi-regimet er ein saga blott. I dag kjem «Vener av Libya» saman for å diskutera framtida til det krigsherja landet.
Møtet markerer eit vendepunkt, der innsatsen til det internasjonale samfunnet blir flytta frå krigføring til gjenreising av det libyske samfunnet.

Men krigføringa til NATO er ikkje over av den grunn. Jagarflya til dei internasjonale styrkane kjem til å bli verande i luftrommet over Libya heilt fram til Muammar al-Gaddafi sitt regime er fjerna frå makta, forsikrar europeiske diplomatar ifølgje The Guardian.

Overgangsrådet på agendaen

Utviklinga i Libya den siste tida lovar godt for opprørarane, men Gaddafi-lojale styrkar held framleis koken i byane Sebha, Bani Walid og Sirte - fødebyen til Gaddafi. Nyleg avviste dei eit ultimatum frå Overgangsrådet om å overgje seg innan laurdag for å unngå eit åtak på Sirte. I dag vart fristen forlenga med ei veke.

Det er blant anna venta at «Vener av Libya» i dag vil koma fram til ei felles anerkjenning av Det nasjonale overgangsrådet i Libya (NTC).

Leiarane skal diskutera ein ny resolusjon i Tryggingsrådet til FN. Målet med ein slik ny resolusjonen er å heva sanksjonane mot Libya for å gje Overgangsrådet tilgang til over 100 milliardar dollar i frosne libyske statsmidlar.

Pengane kan koma godt med når libyarane no skal bygga det skakkøyrte og krigsherja landet sitt på nytt.

Stoltenberg, som deltek på dagens toppmøte, påpeikar at det er viktig å støtta Libya, også etter at kruttrøyken har lagt seg.

– Det er viktig at det internasjonale samfunnet støttar opp om det libyske folket i arbeidet med å etablera eit stabilt og demokratisk Libya, sa statsministeren i ei pressemelding i forkant av toppmøtet.

LIBYA-CONFLICT-DIPLOMACY-US-FRANCE-TURKEY

Toppolitikarar frå heile verda er i dag samla rundt diskusjonsbordet for å sjå på utfordringane Libya vil få med å reisa landet etter 42 år under Gaddafis diktatur.

Foto: Evan Vucci / Afp

– Me blir så lenge dei treng hjelp

Sjølv om gjenoppbygging er eit sentralt tema for toppmøtet i Paris, ønskjer både Frankrike, Storbritannia og USA å stå fast ved FN-mandatet som ligg til grunn for krigføringa i Libya.

Den franske presidenten Nicolas Sarkozy skal leia møtet saman med statsministeren i Storbritannia, David Cameron.

– Me er klare til å fortsetja operasjonane under FN-resolusjon 1973 så lenge dei libyske venene våre treng hjelp, sa Sarkozy etter eit møte med led leiaren for det libyske Overgangsrådet førre onsdag.

Resolusjonen opnar for at NATO kan ta i bruk «alle naudsynte midlar», unnateke bakkestyrkar, for å verna om sivilbefolkninga i Libya.

FN-mandatet er gyldig fram til slutten av september. Det nordatlantiske rådet, som er det øvste organet i NATO, bestemte seg nyleg for å venta med ei eventuell utviding av tidsspennet for militæroperasjonane.

Alliansen ventar på at FN skal leggja fram sine vidare planar for Libya.

SISTE NYTT

Siste nytt