Hopp til innhold

Vil bli den første kvinnelege statsministeren i Danmark

Meiningsmålingane før valet i Danmark 15.september tyder på regjeringsskifte, og dermed kan Helle Thorning-Schmidt bli den første kvinnelege statsministeren i landet.

Helle Thorning-Schmidt (t.v.) og lars Løkke Rasmussen.

Sosialdemokraten Helle Thorning-Schmidt (t.v.) vil ta over etter Lars Løkke Rasmussen som dansk statsminister.

Foto: KELD NAVNTOFT / Afp

Men trenden er ikkje udelt positiv for for Socialdemokraterne og samarbeidspartia Socialistisk Folkeparti (SF), De Radikale og Enhedslisten. For forspranget på meiningsmålingane minka i løpet av helga, og det har skjedd før i Danmark at ein sterk innspurt har avgjort eit val.

Danmark har hatt borgarleg regjering dei siste ti åra.

Fleirtal på målingane

Helle Thorning-Schmidt deler ut roser i København.

Helle Thorning-Schmidt delte ut roser i København sist fredag.

Foto: KELD NAVNTOFT / Afp

På ei måling som nyheitsbyrået Ritzau la fra i dag får blokka ei samla oppslutning på 52,6 prosent av røystene, noko som er ein nedgang på 1,1 prosentpoeng frå ei måling som vart offentleggjort fredag.

Den konservative blokka, som består av regjeringspartia Venstre og De Konservative, som har støtte frå Liberal Alliance og Dansk Folkeparti, har ei oppslutning på 47 prosent. Det er ein framgang på 2,2 prosentpoeng frå målinga før helga.

24 prosent av veljarane seier dei ikkje veit kven dei vil røyste på.

Helle Thorning-Schmidt har vore leiar for Socialdemokraterne sidan 2005. Ho er 45 år gammal. Ho er utdanna statsvitar og har hatt det meste av yrkeskarrieren sin i EU-systemet. Ho starta som praktikant i EU-kommisjonen i 1993 og 1994, så var ho rådgjevar for dei danske sosialdemokratane i Europaparlamentet frå 1994 til 1997, og deretter EU-konsulent i dansk LO i 1997.

Ho var medlem av Europaparlamentet frå 1999 til 2004 og representant i Folketinget frå 2005. Ho er gift med Stephen Kinnock, sonen til tidlegare Labour-leiar og EU-kommisær Neil Kinnock, som no kan titulere seg som Lord Kinnock.. Dei har to born.

Helle Thorning-Schmidt blir rekna som ein moderne sosialdemokrat i tradisjonen etter Tony Blair, og ho går for å tilhøyre høgresida i partiet

Økonomi viktigast

Magnus Takvam

Magnus Takvam er politisk kommentator i NRK.

Foto: Ole Kaland / NRK

Dei fleste politiske kommentatorar er samde om at økonomi blir eit langt viktigare tema i valkampen enn til dømes innvandring.

NRKs politiske kommentator Magnus Takvam trur også at økonomien vil vere det viktigaste temaet i den danske valkampen. Danmark er også ramma av dei økonomiske nedgangstidene i Europa, og regjeringa la nyleg fram eit budsjettforslag med eit rekordstort underskot.

Begge sider har lagt fram forslag til økonomiske krisepakker.

Takvam seier at dei fleste ekspertar reknar med at det blir regjeringsskifte i Danmark, men at det er mange usikre moment. Han nemner ein underleg avtale om samarbeid mellom to parti som støttar kvar si blokk.

Det Radikale Venstre, som trass i namnet er eit borgarleg sentrumsparti, støttar den raude blokka til Helle Thorning-Schmidt. Partiet har inngått ein avtale om samarbeid med Det konservative Folkepartiet, som støttar den sitjande statsministeren Lars Løkke Rasmussen.

Danmarks statsminister Lars Løkke Rasmussen

Lars Løkke Rasmussen vil gjerne halde fram som statsminister i Danmark, men meiningsmålingane går ikkje hans veg.

Foto: Keld Navntoft / Scanpix

- Den raude blokka gjer det best på meiningsmålingane, og dei fleste tippar på raudgrøn siger. Men det skal ikkje meir til enn at Radikale Venstre skifter side, så blir det blått fleirtal, seier Magnus Takvam.

- Meir restriktiv innvandringspolitikk

NRKs politiske kommentator peikar på at den største skilnaden på dansk og norsk politikk, er at det er breiare semje om ein meir restriktiv innvandringspolitikk i Danmark enn her i landet.

Han er også klar på at dersom ikkje Helle Thorning-Schmidt vinn dette valet, så er ho ferdig som leiar for Socialdemokraterne.

Det var sist fredag at statsminister Lars Løkke Rasmussen varsla at det blir nyval i Danmark 15. september. Då nytta han høvet til å åtvare veljarane mot å støtte den sosialistiske bliokka.

- Løysinga er ikkje meir gjeld og høgare skattar, men den økonomiske politikken denne regjeringa fører, sa han

Dette er partia i dei to blokkene i Danmark:

Den raudgrøne blokka

Socialdemokraterne: Eit tradisjonelt sosialdemokratisk parti med Helle Thorning Schmidt som leiar. Partiet kan samanliknast med Arbeidarpartiet her i landet. Thorning Schmidt tilhøyrer høgresida i partiet, og ho har gått under tilnamnet Gucci- Helle, med klar adresse til hennar klassiske og dyre smak når det gjeld klede.

Partiet har 45 representantar i Folketinget.

Socialistisk Folkeparti: Er søsterpartiet til Sosialistisk Venstreparti i Noreg. Partiet har 23 representantar i Folketinget. Partiet har sidan starten i 1966 vore støtteparti for dei sosialdemokratiske regjeringane, men det er første gong partiet går til val som del av ein mogleg regjeringskoalisjon.

Meiningsmålingane dei siste åra har vist at partiet har teke mange veljarar frå Socialdemokraterne. Partileiar er Villy Søvndal.

Det Radikale Venstre: Eit borgarleg sentrumsparti, søsterparti til norske Venstre, med eit sosialliberalt samfunnssyn. Partiet har i dag sju representanter i Folketinget.

Enhedslisten: Partiet vart danna gjennom eit samarbeid mellom Venstresocialisterne, Danmarks Kommunistiske Parti og Sosialistisk Arbejderparti. Partiet, som har fire representantar i Folketinget, har ei kollektiv leiing, altså ingen partileiar.

Dei viktigaste sakene for partiet er miljøspørsmål og å arbeide for demokratisk sosialisme i Danmark.

Den borgarlege blokka

Venstre: Venstre er også søsterparti til det norske Venstre, men er meir konservativt enn det norske. Dette er partiet til noverande statsminister Lars Løkke Rasmussen. Partiet reknar seg som eit liberalt sentrumsparti, men under den tidlegare partileiaren, Anders Fogh Rasmussen, utvikla partiet seg noko meir i retning av det norske Høgre.

Venstre er det største partiet i det noverande Folketinget med 47 representantar.

Dansk Folkeparti: Dette partiet vart starta i 2005 av utbrytarar frå Fremskridtspartiet. Pia Kjærsgaard har vore leiar sidan starten, og partiet har vakse seg til det tredje største partiet i Danmark, først og fremst ved å forfekte ein svært restriktiv innvandringspolitikk.

Blir rekna for å stå enda lenger til høgre på den politiske skalaen enn Framstegspartiet her i landet.

Partiet har 27 representantar i Folketinget, og er ein del av det parlamentariske grunnlaget til den sitjande regjeringa.

Det konservative Folkeparti: (De Konservative) Partiet som tradisjonelt har vore nærmast det norske Høgre og det svenske Moderatarne. Partiet er med i den noverande regjeringskoalisjonen, og har 17 representantar i Folketinget. Partiet hadde sin store periode på 70- og 80-talet då partileiaren Poul Schlütter var statsminister.

Liberal Alliance: Utbrytarparti frå Radikale Venstre og De Konservative, danna i 2007. Tre representantar i Folketinget. Partiet er klassisk liberalt, og arbeider for personleg fridom, mindre stat og meir privat, frisinn, fridom under ansvar og at ingen skal betale meir enn 40 prosent skatt.

Kristendemokraterne: Partiet heitte tidlegare Kristeligt Folkeparti. Partiet vart stifta i 1970 som reaksjon på eit lovforslag om fri abort og legalisering av pornografi. Kan samanliknast med Kristeleg Folkeparti i Noreg.

Partiet sine merkesaker er blant anna familiepolitikk, miljøpolitikk og arbeid for å få ned talet på abortar. Har ein representant i Folketinget.