Hopp til innhold

Høyr ein stridlynt Gaddafi i nytt lydopptak

Muammar al-Gaddafi langa ut mot både opprørarane i Libya og Frankrikes president Nicolas Sarkozy i eit lydopptak som vart sendt på libysk fjernsyn i dag

Video Gaddafi i nyttt lydopptak

Høyr Gaddafi mana tilhengjarane sine til krig i Tripoli.

Den libyske diktatoren beordra støttespelarane sine til å marsjera gjennom Tripoli og «reinsa» hovudstaden for opprørarar, som han stemplar som «rotter, korsfararar og heidningar».

Gaddafi verka meir stridlynt enn på lenge i det korte lydopptaket som blei kringkasta til libyske borgarar i dag:

«Ikkje la rottene få kontroll over Tripoli. Drep dei, overvinn dei - raskt!

Dykk er det knusande fleirtalet. Ta kontroll over moskeane. Ta kontroll over bygningane. Ta kontroll over hustaka. Ta kontroll over butikkar og kjemp derifrå.

Libya er for det libyske folket og ikkje for forhandlarane, ikkje for imperialismen, ikkje for Frankrike, ikkje for Sarkozy, ikkje for Italia.

Kom dykk ut i gatene og frigjer Tripoli. Utslett dei (opprørarane, journ.anm.) så snart dei viser seg og kvar enn dei gøymer seg. Slåss mot dei, straff dei!

La massane sverma frå alle kantar!»

SISTE NYTT

Siste nytt