Hopp til innhold

Kvar er Muammar al-Gaddafi?

Sør-Afrika, Venezuela eller Italia er blant rykta som er nemnde. Men ingen kan svare på kvar Muammar al-Gaddafi og oljegullet hans verkeleg har gøymt seg.

– Folket har sjølvsagt vunne. Gaddafi er borte. Han er ikkje død enno, men han er død som leiar. Han er borte, sa general Bourajad i Tripoli-brigaden i går.

Men det er framleis heilt uklart kvar Gaddafi oppheldt seg. Leiar i opprørsrørsla, Mustafa Abdel-Jalil, innrømde at han ikkje veit om Gaddafi er i Tripoli, eller om han i det heile teke framleis er i landet.

Også generalsekretær i FN og utanriksdepartementet i USA vedgår at dei ikkje anar kvar Gaddafi er.

Gullgruva til Gaddafi

Den som skulle greie å spore opp Gaddafi, kan også nå fram til dei kjemperikdommane som diktatoren har tilrana seg gjennom sine 42 år ved makta.

I Gaddafi sitt hovudkvarter skal det liggje gullbarrar for milliardar stabla opp i lange rekkjer. Ifølgje den danske nettavisa Information skal oberst Gaddafi ha rundt 870 milliardar kroner ståande fastfrosne i utanlandske bankar.

Den libyske olja har gjort Gaddafi overdådig rik, og kontrasten til den fattige, libyske busetnaden er stor. Den enorme pengebingen og stablane med gullbarrane kan koma godt med for opprørarane som skal byggja Libya på ny.

Men førebels er både Gaddafi og gullgruva hans søkk borte.

Underjordisk bunkers

Mange har rapportert at han oppheldt seg i bunkeren Bab al-Azizia i hovudstaden Tripoli. Dette er nok den mest sannsynlege staden, blant mange teoriar om kvar han gøymer seg.

Denne bunkeren nær sentrum av Tripoli skal ha eit omfattande nett av undergangar. Tunnelane skal vere bombesikre, og ein går ut i frå at bunkerane også har hemmelege fluktvegar. Det kan difor vere ei stund til at Gaddafi vert teken.

– Eg trur ikkje Bab al-Azizia-bunkeren vil falle lett, og eg går ut i frå at det vil bli harde kampar, sa ein talsperson frå overgangsregjeringa til Al-Jazeera.

Heimbyen til Gaddafi, Sirte, kan vere ein anna stad i Libya der despoten har søkt tilflukt. I denne byen finst framleis ein stor del av Gaddafi sine tilhengjarar.

Tysdag går det framleis føre seg kraftige kampar i nærleiken av eit sjukehus i Tripoli. Fleire sjukehus har også eit desperat behov for medisinske forsyningar og humanitær hjelp, melder Sky News.

Mange rykte

Det siste sikre livsteiknet Gaddafi har gitt til verda var for to månader sidan, då han gjorde ein TV-opptreden. Den einaste indikasjonen på at han framleis er i Tripoli er ein serie med lydopptak som vart funne under arrestasjonen av sønene hans på søndag, skriv New York Times. I lydopptaket er det hevda at Gaddafi sa at han blir i Tripoli «heilt til slutten».

Men dette har ikkje hindra rykta om at despoten har drege frå hovudstaden i å spreie seg. Det har vore spekulert i at Sør-Afrika har sendt eit fly for å hente Gaddafi og familien. Dette avkrefta utanriksministeren i landet, Nkoana-Mashabane, måndag.

– Eg er overraska over rykta om at Sør-Afrika hjelper Gaddafi. Me kan seie heilt sikkert at han ikkje vil kome hit, sa han til New York Times.

Andre har spekulert i at Venezuela kan ha teke i mot 69-åringen, grunna Hugo Chavez sine støtteerklæringar til Gaddafi-regimet. Chavez har fleire gonger fordømt NATO-aksjonen i Libya.

Ifølgje avisa The Daily Telegraph har også Cuba uttrykt at dei er villige i å ta imot despoten. Cuba er nemleg blant landa som ikkje er medlem av Den internasjonale straffedomstolen (ICC), og forpliktar seg difor ikkje til å utlevere han.

Nokre har også påstått at han gøymer seg i Italia. Dette fordi mange av Gaddafi sine næraste støttespelarar har flykta til landet tidlegare. For nokre dagar sidan vart det hevda ein av hans næraste vener, Abdessalam Jalloud, reiste til Italia.

I går flykta Libya sin statsminister til Tunisia.

Framleis støttespelarar

Det vert likevel spekulert i at ei stor gruppe støttespelarar til Gaddafi framleis førebur seg på å byggje opp motstand mot opprørarane.

TV-kanalen Euronews har rapportert om at fleire opprørarar er klar for at støttespelarane til Gaddafi vil kome med eit motangrep som kan bli svært valdeleg. Men støttespelarane er sannsynlegvis mykje meir uorganiserte og ustrukturerte enn dei har vore før.

– Det finst ikkje fleire vanlege soldatar. Gaddafi har berre frivillige og nokre leiemordarar igjen. Desse folka lurer seg sjølve, fordi regimet har falle og Tripoli har falle, og Gaddafi er ferdig, seier ein opprørar til Euronews.

LIBYA-CONFLICT LIBYA-CONFLICT

To gutar viser V-teiknet i ein forstad til Tripoli, etter at opprørarane nyleg inntok byen.

Foto: MAHMUD TURKIA / Afp

SISTE NYTT

Siste nytt