Presidentkandidat: Mørkhuda born hadde det betre i slavetida

Presidentkandidat Michele Bachmann helsar på ein mann utkledd som slaveavskaffar Abraham Lincoln under ei valkamp-tilstelling i Iowa laurdag.
Foto: JIM YOUNG/ReutersDen republikanske presidentkandidaten Michele Bachmann (55) anbefaler bøker med ekstreme synspunkt på slavedrift.
Publisert 16.08.2011 09:30. Oppdatert 16.08.2011 10:10.
- Skriv ut
Fakta om Michele Marie Amble Bachmann
- Fødd i 1956 i Iowa i ein familie med norsk bakgrunn, som støtta Det demokratiske partiet. Oldeforeldra hennar utvandra til USA frå Sogndal.
- Familien flytta til Anoka i Minnesota. Foreldra vart skilde i 1970. Faren flytta til California, Michele budde saman med mora i Anoka.
- Familieøkonomien var dårleg, dette gjorde at ho sjølv måtte tene sine eigne pengar frå ung alder.
- Gift med Marcus Bachmann. Dei har fem born. Har også hatt ansvaret for over 20 fosterborn.
- Sat i delstatsforsamlinga for Minnesota før ho vart innvald i Kongressen i 2007.
- Konservativ politikar, blant anna sterk motstandar av sjølvbestemt abort og homofile ekteskap.
- Varsla 14. juni at ho ynskjer å bli kandidat for Det republikanske partiet ved presidentvalet i 2012.
- Lanserte 27. juni offisielt sitt kandidatur.

Michele Bachmann på stemmesanking i fødebyen Waterloo i delstaten Iowa.
Foto: SCOTT OLSON/AfpGallionsfigur for Tea-party-rørsla og presidentkandidat for høgresida i amerikansk politikk, Michele Bachmann, deler synspunkt med kontroversielle forfattarar som forsvarar slavedrifta i USA på 1800-talet.
Forfattarane meiner at slavane var heldige, og at det var umenneskeleg å setja dei fri i 1860-åra.
- LES OGSÅ: Bachmann seiret i Iowa-måling
– Slavane var heldige
Det kjem fram i siste utgåve av magasinet The New Yorker. I eit portrett av Bachman skriv journalisten at Tea-party-yndlingen har trykt ei rekkje bøker med ekstremistiske synspunkt til sitt bryst på kampanjesida.
Høgt oppe på lista over Bachmans «må-lesa-bøker», står ein biografi om den legendariske sørstatsgeneralen Robert E. Lee, skriven av J. Steven Wilkins.
Ifølgje forfattaren vart dei ortodokst kristne sørstatane urettferdig angripne av det gudsforlatte nord under borgarkrigen i USA. Slavar som vart frakta frå Afrika til Amerika var heldige, meiner Wilkins.
Forfattaren forsvarer sine synspunkt med at Afrika var «gjennomsyra av ondskap og barbari», og at slaveeigarane gav slavane sine eit betre liv enn det dei kunne oppnå på heimebane.
– Verre under Obama
Sterkt Obama-kritiske Bachmann vann i helga eit uhøgtideleg, republikansk prøveval i delstaten Iowa.
Det høgrekonservative kongressmedlemmet sa sigeren var ein klar beskjed til Washington frå amerikanarar som er frustrerte med den økonomiske situasjonen.
Bachmann har sjølv teke til orde for at mørkhuda born var betre stilte i slavetida enn det dei er no, under ein afroamerikansk president.
Ho skapte stor furore i media då ho for eit par månader sidan støtta eit utsegn framsett av dei sosialkonservative i Iowa, ifølgje Politiken.
Utsegnet hevda at mørkhuda born fødde i slavetida hadde større sannsyn for å veksa opp i ein hushaldning med både ei mor og ein far enn afroamerikanske born fødde etter valet av Barack Obama.
– Umenneskeleg å setja slavane fri
Ein annan kontroversiell forfattar som haustar lovord frå Bachman, er jusprofessoren John Eidsmoe. Bachmann hadde Eidsmoe som mentor og arbeidde som researchassistent for professoren då han skreiv boka «Kristendommen og Grunnlova» (1995).
Juristen Eidsmoe hevdar i boka at mange kristne slaveeigarar var motstandarar av slavedrift, men at dei ikkje sat slavane sine fri av miskunn.
«Det kunne vera svært vanskeleg for ein befridd slave å leva i eit slikt økonomisk system. Under slike omstende var det både umenneskeleg og uansvarleg å setja fri slavane sine», skriv han.
I vår roste Bachmann Eidsmoe opp i skyene då ho tala til ein kyrkjelyd i Iowa.
– Ein av dei som har hatt stor innverknad på meg er John Eidsmoe. Han har teologiske og juridiske ferdigheiter. Han er genial. Han har lært meg så mykje om vår guddommelege arv, sa det republikanske stjerneskotet.
Presidentvalget i USA 2012
- – Obama er besatt av skatteøkninger
- Tok til tårene under Obamas tale
- Kvinnene styrket i USAs politikk
- Kan vi stole på meningsmålingene?
- Utfordringer for Republikanerne
- Obama heldt tårevåt takketale
- Demokratene vant i Florida
- La ut Romney-nettside ved en feil
- OSSE ikke imponert over USA-valget
- Hadde Clinton først på tråden
- Obamas mange hastesaker
USA
- Trodde hun hadde mistet alt
- Fortsatt tornado-fare i Midtvesten
- Isabella: – Klamret meg til pulten
- Dødstallene doblet i Oklahoma
- Blant de sterkeste stormene i USA
- Frykter nær 40 døde på barneskole
- Én døde i tornado i USA
- Her kommer rådyret gjennom ruta
- Holder grillet om AP-overvåkning
- Største skandale siden Nixon
- Holder: Lekkasjene satte liv i fare
Nyheter fra verden
Opprøret held fram i Stockholm - Tornadoen kraftigare enn atombombe
- Avslutter søket etter savnede
- Utestenges fra Iran-valget
- Lover gjennomsøking av alle hus
- Slapp så vidt unna tornadoen
- Notre-Dame evakuert etter selvmord
- To uker fengsel for drapsiktelse
- Obama roste lærerne i Moore
- Barneskole knust til pinneved




