Hopp til innhold

Her hoppar ho ut av flammehavet

Ei kvinne overlevde med naud og neppe då ho måndag måtte hoppa frå annan etasje av eit bygg som opprørarane i London hadde sett i fyr.

En kvinne hopper ut av brennende bygning i London

Opprørspolitiet i London kom kom til unnsetning i grevens tid då ei kvinne måtte hoppa frå bygget i eit brennande kvartal i Croydon, London måndag.

Foto: HO / Reuters

Brannar, plyndring, skyting og bensinbomber. Opptøyane i Storbritannia har spreidd seg frå Tottenham til Birmingham og London.

I bydelen Croydon sør i London var frustrerte tilskodarar i går vitne til at ei kvinne var fanga inne i annan etasje av eit bygg omkrinsa av kraftige flammar.

– Seks, sju personar stod utanfor bygget og skreik og og grein. Ein mann i ei kvit t-skjorte ropa at ei jente stod i vindauget, klar til å hoppa, fortel fotografen Amy Weston til Time.com.

Dramatiske minutt

Weston hadde høyrt rykter om dei kraftige brannane i Croydon, og sette seg bak rattet for å dra og dokumentera dei katastrofale tilstandane i området.

Dagen etter har biletet hennar av kvinna som hoppar ut av flammehavet pryda framsidene på fleire store britiske aviser. Det spektakulære biletet har også gått vera rundt via sosiale media som Twitter.

Weston fortel om dramatiske minutt der det stod mellom liv og død for kvinna i vindauget.

Mannen i den kvite t-skjorta visste ikkje anna råd enn å stilla seg opp og retta armane opp mot henne, som eit teikn på at han ville ta imot dersom ho hoppa.

– Han sprang mot henne, men opprørspolitiet kom til unnsetning. Dei bad mannen trekkja seg tilbake og tok i mot kvinna, seier Weston.

(Saka held fram under biletet)

Uro i Croydon, London

Opprørspoliti forsøker å få kontroll over situasjonen i Croydon, sør i London.

Foto: CARL DE SOUZA / Afp

Aggressiv stemning

Ei folkemengd hadde samla seg på staden, og fotografen fortel at det oppstod hissige diskusjonar etter at kvinna var trygt nede på bakken.

– Ei gruppe skulda ei anna gruppe for å ha starta brannen.

Weston seier stemninga i området var så aggressiv at ho frykta for sin eigen tryggleik:

– Eg kom meg ikkje bort til bilen min igjen, så eg måtte gå tilbake. Kamera gøymde eg på innsida av kleda for å unngå at nokon skulle stela det.

Opprøret starta i Tottenham laurdag, då ein mann vart drepen i ein samanstøyt med politiet.

Tysdag kravde uroa sitt første menneskeliv i London. Ein 26-år gammal mann døydde på sjukehus etter å ha vorte skoten i Croydon måndag kveld.

SISTE NYTT

Siste nytt