Hopp til innhold

Vulkan spyr oske 3,5 km opp i lufta

Det var i dag eit nytt kraftig utbrot i vulkanen Lokon i Indonesia, som no spyr ut tre og ein halv kilometer høge oskeskyer.

Nytt kraftig utbrot i vulkanen Lokon.

Vulkanen Lokon på øya Sulawesi i Indonesia er synleg frå lang avstand.

Foto: STRINGER/INDONESIA / Reuters

Utbrotet i vulkanen Lokon er det sterkaste sidan slutten av juni.

Det veltar ut store mengder oske og stein frå vulkanen.

Foto: GLEN RARUNG / Afp

- Vulkanen hadde eit kraftig utbrot igjen i dag tidleg, det største utbrotet sidan slutten av juni. Vi har informert dei næraste flyplassane om utbrotet, men hittil har det ikkje påverka flytrafikken, seier vulkaneksperten Kristanto til nyheitsbyrået AFP.

Eruptiv fase

Han opplyser at vulkanen er i ein eruptiv fase, men at det er for tidleg å seie om aktiviteten vil roe seg ned eller om det kjem nye og større utbrot.

Sist torsdag vart 5200 menneske evakuerte frå nærområdet til vulkanen til provisoriske leiarar eit stykke unna etter eit utbrot, og alarmberedskapen er no på høgste nivå.

Mount Lokon

Torsdag vart over 5000 menneske evakuerte frå nærområdet til vulkanen.

Foto: PARADIKA / Afp

Lokon, som ligg på øya Sulawesi, er ein av dei mest aktive vulkanane i Indonesia. Vulkanen hadde eit stort utbrot i 1991, og då omkom ein sveitisk turist.

Eldringen

Den aller mest aktive vulkanen i Indonesia, Merapi på Java, hadde fleire alvorlege utbrot i fjor, og då omkom over 350 menneske.

Øygruppa som utgjer Indonesia har fleire tiltals aktive vulkanar. Landet ligg i eit belte som blir kalla «Ring of Fire», «Eldringen» på norsk, mellom Stillehavet og Indiahavet. Dette på grunn av den høge vulkanske aktiviteten.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt