Hopp til innhold

Evakuerte frå dramatisk skogbrann

Fleire hundre turistar og fastbuande er evakuerte frå ein kraftig skogbrann på øya Brac i Kroatia. For ei gruppe nordmenn vart seglturen langs den kroatiske kysten meir dramatisk enn dei hadde rekna med.

Det brann kraftig i åsane bak Milna i går kveld.

Røyken gjorde at det var ubehageleg å opphalde seg i Milna i går kveld.

Foto: Oddgeir Hatlemark

- Borna vi har med vart redde av flammane og den tette røyken. Vi gjekk ut frå marinaen i Milna seint i går kveld fordi vi ikkje tok sjansen på å vere der lenger, fortel Oddgeir Hatlemark.

Vinden snudde

Den Nesodden-busette sunnmøringen er på seglferie i Kroatia saman med kona Sigrun, sonen med familie og eit vennepar, i alt seks vaksne og tre små born.

Skogbrann på Brac i Kroatia

Slik velta røyken opp frå skogbrannen i går ettermiddag.

Foto: Oddgeir Hatlemark

I går kveld la dei til ved ein marina i byen Milna på Brac. Då dei kom til Milna merkte dei ikkje noko til brannen. Men så snudde vinden i løpet av kvelden, og då gjekk det ikkje lang tid før dei såg flammane stikke opp frå åsane bak byen.

Etter kvart la det seg ein tjukk røyk over heile byen, det la seg oske på båten og Oddgeir Hatlemark kan fortelje at det vart ubehageleg å opphalde seg der.

- Røyken svei i augene og det var vanskeleg å puste. Når så borna vart redde, så var det ikkje noko vanskeleg val å reise derfrå, seier Hatlemark til NRK. Dei sette kursen mot det koratiske fastlandet, der dei i morgon skal avslutte den vekelange seglturen langs den vakre kroatiske kysten.

40 grader i skuggen

Oddgeir Hatlemark til rors på siglbåten.

Oddgeir Hatlemark til rors på siglbåten i Kroatia.

Foto: Privat

Han fortel at det var ein straum av båtar som gjekk ut frå dei to marinaene i Milna seint i går kveld og i natt.

Det var i går ettermiddag skogbrannen starta på ferieøya Brac. Det har i fleire dagar vore temperaturar på rundt 40 grader i skuggen, og brannen utvikla seg eksplosivt i dei tette og tørre pinjeskogane og oliventrea. Nyheitsbyrået HNA melder at 2300 hekar skog har blitt flammane sitt rov.

I dag spreidde brannen seg også til eit område rundt byen Sinj.

Brannfly i aksjon i Kroatia.

Fire brannfly pøste på med vatn mot flammane, utan at det såg ut til å hjelpe.

Foto: Oddgeir Hatlemark

170 brannmenn har vore i aksjon sidan i går, og i dag kome det forsterkingar frå storbyen Split og frå Zadar på fastlandet.

Fire brannfly i aksjon

Oddgeir Hatlemark og mannskapet hans kom siglande langs kysten på veg frå Jelsa til MIlna i går ettermiddag då såg dei røyken frå skogbrannen. Etter ei stund kom dei forbi området der brannen herja som verst.

Fire brannfly deltok i sløkkingsarbeidet, og same kor mykje dei pøste på med sjøvatn verka det ikkje å ha særleg effekt, seier Hatlemark.

I dag låg framleis røyken tjukt rundt Brac, og dei måtte sigle i fleire timar før dei igjen fekk sjå sola tidleg i ettermiddag.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Skogbrann Milna på Brac i Kroatia

Tjukk røyk låg over byen Brac i går kveld, og svært mange valde å forlate båthamna i forgunnen.

Foto: Oddgeir Hatlemark

SISTE NYTT

Siste nytt