Hopp til innhold

Trugar med å trekkje FN-støtta

USA sin FN-ambassadør trugar med å trekkje FN-støtta dersom ein palestinsk stat vert anerkjent av medlemslanda.

FN

USA går i ei retning med større FN-skepsis.

Foto: Wikipedia

Presidenten for dei palestinske sjølvstyresmaktene, Machmoud Abbas, kjem i september til å be dei 192 FN-landa om å godkjenne Palestina som eigen stat.

Forslaget vil etter all sannsyn verte godkjent av FN, skriv Aftenposten.

Motstand i Kongressen

Susan Rice

FN-ambassadøren til USA, Susan Rice, meiner ho talar på vegne av Kongressen.

Foto: ASHRAF SHAZLY / Afp

USA sin FN-ambassadør, Susan Rice, åtvarar no FN om å gjere som Abbas oppfordrar til.

– Eg kan ikkje tenkje meg ein større trugsel mot å ivareta økonomisk og politisk støtte frå Kongressen til FN, etter eit slikt utfall, åtvarar Rice.

Dei oppsiktsvekkjande utsegna kom i ein uformell spørrerunde etter at ho haldt ein tale i Washington, DC.

NUPI-sjef Jan Egeland seier til Aftenposten at han ikkje er overraska over trugslane frå Rice.

– Ho viser til at den amerikanske opinionen er ti gongar meir pro-israelsk enn den er pro-palestinsk. I Kongressen er denne tendensen endå sterkare. No kjem Kongressen til å seie: Kvifor skal me vere med på å finansiere ein organisasjon som anerkjenner fienden til vår beste ven?

Obama i mot avstemminga

President Barack Obama uttalte i mai at han var kritisk til ei FN-avstemming om Palestina.

– For palestinarane vil eit forsøk på å delegitimere Israel bli mislykka. Symbolske handlingar for å isolere Israel i FN i september vil ikkje føre til ein uavhengig stat, sa Obama i tala om Midtøsten og Nord-Afrika i mai.

Obama understreka kva som bør vere målet for fredsforhandlingane mellom Israel og palestinerane.

– Mens kjernespørsmåla i konflikten må forhandlast om, er grunnlaget for forhandlingane klare: eit levedyktig Palestina og eit sikkert Israel, sa Obama.

Sjå tala til Obama her:

Video 80db939b-e865-4f9f-859e-46afd3b6fdc4.jpg

Obama om konflikten i Midtøsten.

SISTE NYTT

Siste nytt