Samstundes held NATO fram angrepa mot hovudstaden Tripoli i dag. I ettermiddag er det meldt om tre kraftige eksplosjonar i drabantbyen Tajura, der det er fleire militære installasjonar. Skyer av røyk stig opp frå området, som biletet over viser.
- Den kolonistiske korsfararen
- Den kolonistiske korsfararen, den atlantiske koalisjonen, har bomba sivile mål, blant dei eit bakeri og ein restaurant i Brega. 15 menneske vart martyrar og over 20 vart såra, heitte det i ei melding på libysk fjernsyn i dag.
Det gjekk ikkje klart fram av innslaget når angrepet skal ha skjedd, men det statlege nyheitsbyrået Jana seier at angrepet skjedde i dag, og at fem andre sivile vart drepne dagen før.
Det libyske fjernsynet skuldar NATO for brotsverk mot menneskeslekta, medan ein talsmann for NATO seier at dei berre har angripe militære mål.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
- Legitime militære mål
Vi har retta angrep mot bygnngar i eit aude område i Brega. Det var legitime, militære mål som vart trefte, seier talsmannen. Han seier at det også vart retta angrep mot militære køyrerøy.
Samstundes blir det meldt frå Libya at 17 av dei mest populære fotballspelarane i landet har erklært
. Blant desse er fire landslagsspelarar og trenaren for Tripoli-klubben Al-Ahly.I den opprørarhaldne byen Benghazi har det i dag vore store demonstrasjonar mot Gaddafi-regimet. Mange skuleungdomar deltok i demonstrasjonane, der eitt av krava var at situasjonen i landet må normaliserast slik at dei igjen få gå på skule.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: