Hopp til innhold

Mange demonstrantar drepne i Syria

Minst 19 menneske vart drepne då syriske tryggingsstyrkar skaut mot demonstrantar fleire stader i Syria i dag.

Video Minst 18 demonstranter drept i Syria

VIDEO: Minst 19 demonstranter drept i Syria

Fleire tusen menneske deltok i demonstrasjonane mot president Bashir al-Assad og regimet hans rundt om Syria i dag. Verst var det i byen Homs i det vestlege Tyrkia, der minst åtte vart drepne.

Etter fredagsbøna

Det statlege fjernsynet, som ikkje melder om demonstrasjonane mot regimet, har meldt at ein politimann er drepen av væpna personar i Homs. Som vanleg starta demonstrasjonane etter fredagsbøna.

Tre vart drepne i utkanten av hovudstaden Damaskus, medan ein vart drepen i den nest største byen i landet, Aleppo.

Demonstrasjonane i dag var minst like sterke som tidlegare, trass i at ein av fetterane til Assad, Rami Makhlouf, ein av dei rikaste i Syria, dagen før kunngjorde at han trekkjer seg frå forretningslivet. . Dette var eitt av krava til opposisjonen.

LES OGSÅ: «Komiske Sally» fekk sparken

Nye EU-sanksjonar

Samstundes aukar den internasjonale kritikken av det syriske regimet. EU varsla tidlegare denne veka at det blir sett i verk nye økonomiske straffetiltak mot landet alt frå komande veke.

Kjelder det tyske nyheitsbyrået DPA har snakka med seier at tiltaka rettar seg mot forretningsføretak og organisasjonar som blir oppfatta som støttespelarar for regimet i Damaskus.

EU har tidlegare frose bakkontoar og andre verdiar som tilhøyrer folk i regimet, melder NTB.

Samstundes held flyktningstraumen frå Syria til Tyrkia fram, og talet nærmar seg no 10.000. Over 1200 kom inn i Tyrkia frå Syria i løpet av dagen i dag.

LES OGSÅ: – Livredde syrarar flyktar frå alt dei eig

LES OGSÅ: – Iran støtter syriske angrep

SISTE NYTT

Siste nytt