Hopp til innhold

Helsar syriske flyktningar velkomne

Tyrkia lovar å halda slusene opne, etter at talet på syriske flyktningar som strøymer over grensa har eksplodert i løpet av det siste døgnet.

Syriske flyktningar på veg til Tyrkia

Syriske flyktningar på veg mot grensa til Tyrkia og Raude Halvmåne sin flyktningleir i Yayladagi.

Foto: MUSTAFA OZER / Afp

Syriske familiar hastar til grenseprovinsen Hatay ved Middelhavet på hjul eller til fots. Valden i heimlandet aukar, og presidenten har sett inn hæren for å knusa folkeopprøret mot han.

Berre i løpet av dei siste 24 timane har 1050 syriske borgarar kryssa grensa frå Syria til Tyrkia, opplyser det statlege tyrkiske nyheitsbyrået Anatolian torsdag.

– Held dørene opne

Recep Tayyip Erdogan

Den tyrkiske statsministeren Tayyip Erdogan vil ta imot flyktningar frå nabolandet Syria.

Foto: ADEM ALTAN / Afp
Såra syrisk flyktning på sjukehus i Tyrkia

Ein syrisk flyktning, som seier han vart såra av ei bombe måndag, får behandling på eit sjukehus i den tyrkiske grensebyen Hatay.

Foto: MUSTAFA OZER / Afp

Det er ei kraftig og brå eskalering i talet på menneske som flyktar frå uroa i Syria. Talet er meir enn dobla på eitt døgn, frå 448 flyktningar i løpet av gårsdagen.

– Tyrkia kjem ikkje til å lukka dørene for syriske flyktningar, seier den tyrkiske statsministeren Tayyip Erdogan.

Dei fleste flyktningane kjem frå den nordvestlege byen Jisr al-Shughur, der 120 politimenn skal ha vorte drepne av regjeringsstyrkar fordi dei nekta å opna eld mot demonstrantane. Innbyggjarane fryktar no hemnoppgjer og nye opptøyar.

Dei vert tekne hand om av Raude halvmåne, som er søsterorganisasjonen til Raudekrossen i Midtausten. Menneska som rømmer frå grusomheitene i heimlandet vert innkvarterte i provisoriske teltleirar i grenseområdet.

Mange av flyktningane var også så hardt såra at dei måtte leggjast inn på tyrkiske sjukehus, ifølgje AFP.

(Artikkelen held fram under biletet)

Syriske flyktningar i Tyrkia

Born på flukt frå uroa i Syria leikar ved Raude Halvmåne sin flyktningleir nær Hatay i Tyrkia.

Foto: MUSTAFA OZER / Afp

FN krev valdsstopp

På grunn av den raskt aukande pågangen vurderer hjelpeorganisasjonen no å opna ein flyktningleir nummer to, ifølgje Anatolian.

Samstundes som den tyrkiske statsministeren tek imot syrarane med opne armar, oppmodar Erdogan også det syriske regimet til å få slutt på valdelege overgrep mot sivilie.

FNs høykommissær for menneskerettigheter Navanethem «Navi» Pillay

FNs høgkommissær for menneskerettar, Navanethem «Navi» Pillay.

Foto: KEYSTONE/Laurent Gillieron / Scanpix/AP

Også FNs høgkommisær for menneskerettar, Navi Pillay, ber inntrengjande om at Syria set ein stoppar for undertrykkinga av og overgrepa mot sitt eige folk.

– Det er uakseptabelt at styresmaktene i eit land nyttar vald for å få folket til å underkasta seg, seier Pillay i ei fråsegn torsdag.

Ho oppmodar regimet til å gje FN innpass i Syria og løyve til å etterforska alle rapportar om brot på menneskerettane i landet dei siste månadene.

For lite, for seint

Baath-partiet har hatt styringa i landet sidan 1963 - i 48 år, og president Bashar al-Assad har sete som president sidan tusenårsskiftet. Opprørarane i Syria krev at presidenten går av, demokratiske reformar og større politisk fridom.

I von om å få slutt på opptøyane, gav al-Assad nyleg generell amnesti til alle medlemmer av politiske rørsler. Han har i tillegg sleppt fri 450 politiske fangar frå syriske fengsel.

Men opposisjonen meiner det er for lite og for seint og nektar å avslutta demonstrasjonane før eit regimeskifte er eit faktum.

SISTE NYTT

Siste nytt