Hopp til innhold

Skogbrann i vill fart i Arizona

Over 2000 brannfolk kjempar på harde livet mot den enorme skogbrannen som herjar store skogsområde i den amerikanske delstaten Arizona.

Video Nest verste skogbrann i Arizonas historie

VIDEO: Nest verste skogbrann i Arizonas historie

Skogbrannen i Arizona er synleg frå verdsrommet.

Dette biletet frå NASA viser at skogbrannen er godt synleg frå verdsrommet.

Foto: MODIS / Ap

Brannen spreier seg i eit enormt tempo på grunn av kraftig vind, og i kveld norsk tid kjem det meldingar om at luftkvaliteten i nabostaten New Mexico er trua på grunn av røyken. Røyken har også ført til problem for flytrafikken i området.

Brannen, som har fått namnet «The Wallow Fire» utvikla seg til å bli den nest verste nokon gong i Arizona, og brannmannskapa er langt frå å få kontroll over flammane.

Røykutviklinga har vore så stor at flya og helikoptera som pøser på vatn frå lufta har hatt problem med å sjå kvar flammane er.

Hittil er berre 10 bygningar gått med i brannen, men 2700 menneske har fått beskjed om å forlate heimane sine. Verst ser det ut for byane Eagar, Springerville, South Fork og Luna.

Mitsy Pate førebur evakuering frå heimen sin i Springerville.

Mitsy Pate frå Springerville i Arizona i ferd med å pakke hundane i bilen for å kome seg unna skogbrannen.

Foto: JOSHUA LOTT / Reuters

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt