Hopp til innhold

Oskeskya kan nå Noreg tysdag

Oskeskya frå Island kan nå Rogaland og Agderfylka førstkomande tysdag, seier statsmeteorolog Laila Fodnes Sidselrud. Samstundes er fleire nordmenn igjen oskefaste på Island.

Fodnes Sidselsrud understrekar at prognosane er usikre, men at Rogaland og Agder kan kome i kontakt med oskeskya tysdag. Ho er meir sikker på at det norske fastlandet ikkje blir ramma av oskeskya frå Island det komande døgnet.

Men luftrommet over Island er stengt for all lufttrafikk .

Sjå animasjon av oskeskya her og Flyforbodsonene her.

Usikre prognosar

Utover det første døgnet er prognosane usikre. Førebels ligg oskeskya ute i havet, faktisk ikkje langt frå den norske øygruppa Jan Mayen. Lenger sør ligg oskeskya vest for Shetland og Færøyane.

Det er mange usikre moment førebels, blant anna kor stort oskeinnhaldet er i skya frå vulkanen og kor store oskepartiklane er. Det er ikkje sikkert at det vil vere farleg for flytrafikken, men dette blir kontinuerleg vurdert av luftfartsstyresmaktene på Island.

Oskefast på Island

Camilla Feragen Knap

Camilla Feragen Knap er oskefast på Island.

Foto: Privat

Camilla Feragen Knap er ei av fleire som skulle heim frå Island i dag. Men luftrommet over Island er stengt so, som følgje av utbrotet i vulkanen Grimsvötn under isbreen Vatnajökull i går kveld.

Ho var saman med ei venninne på biltur ved Gullfoss, nokre kilometer frå vuklkanen, då utbrotet kom. Det var ikkje dramatisk der dei var, men ho har høyrt at situasjonen er ille på stader nær vulkanen.

Ho vurderte ei stund å bestille billett på ei passasjerferje som går til Hirtshals i Danmark via Færøya, men ho har no bestemt seg for å vente og sjå, og ho håpar på at flytrafikken kan starte opp igjen snart. Ferjeturen til Danmark tek fleire døgn.

I går fortalde ho om korleis det var å oppleve vulkanutbrotet i går på nært hald.

LES OGSÅ: Først vulkan, så flodbølge - vil ikke hjem

Oskeregn nær utbrotet

Islandsk kringkasting kan melde at det fleire stader regelrett har regna oske, og at innbyggjarane her har fått ordre om å halde seg innandørs. Det islandske sivilforsvaret har sagt at det truleg er for farleg å setje i verk evakuering frå desse stadene.

Trass i at Island har stengt heile luftrommet sitt på grunn av vulkanoske, er det få ekspertar som trur på eit liknande flykaos som i fjor.

Vulkanen Grimsvøtn spyr ut store mengder oske og damp etter utbrotet i går kveld, og i dag tidleg vart luftrommet over Island heilt stengt for all flytrafikk. Ekspertane trur at denne vulkanen vil spreie langt mindre oske ut i atmosfæren enn det Eyafjällajøkull gjorde i april i fjor.

- Neppe stor innverknad

Den britiske vulkaneksperten David Rothery trur ikkje det blir naudsynt å stengje europeisk luftrom på grunn av vulkanoske.

- Ein del transatlantiske flygingar vil truleg måtte endre rute, men det blir neppe nokon grunn til å stengje luftrommet over Europa. Men det kan bli lokale flaumar på Island som følgje av issmelting, seier han til Reuters.

Det europeiske luftfartsorganisasjonen Eurocontrol trur heller ikkje at europeisk luftfart vil bli særleg ramma av vulkanoska frå Island.

Animasjon av oskesituasjonen.
Video ASKE-WW-220511

Se video av asken laver ned over Island.

SISTE NYTT

Siste nytt